Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Studie av genvariantar i BRCA1 påvist ved norske sjukehus

Henrikke Nilsen Hovland disputerer 21.3.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Functional analyses of BRCA1 variants of unknown significance found in hereditary breast or ovarian cancer families in Norway: A tool for improved diagnosis".

Main content

Avhandlinga omhandlar genet BRCA1 som beskyttar kroppen mot utvikling av kreft. I kroppen kan det oppstå forandringar, heretter kalla variantar, i dette genet. Slike variantar blir tolka og klassifisert som ikkje sjukdomsgivande, klinisk usikre eller sjukdomsgivande. Sjukdomsgivande variantar i BRCA1 gir auka risiko for kreft og er ei av hovudårsakene til arveleg bryst- og eggstokkreft. Personar som får påvist slike variantar får derfor tilbod om å fjerne bryst og eggstokkar. I avhandlinga vart det samla inn og laga ei oversikt over alle BRCA1-variantar påvist i familiar der ein mistenkjer arveleg bryst- eller eggstokkreft ved dei medisinsk genetiske avdelingane i Noreg. Målet var å avsløre potensielle avvik mellom laboratoria som ein kvalitetskontroll på nasjonalt nivå, og å forbetre det nasjonale samarbeidet. Variantklassifiseringane vart samanlikna, og resultatet viste avvik for 30% av variantane. Dette vart redusert til 10% etter utvida samarbeid og utveksling av oppdatert informasjon. For variantane som framleis hadde ulik klassifisering påverka ikkje skilnaden den kliniske oppfølginga eller behandlinga av pasientane. Dette viser at varianttolking bør bli oppdatert jamleg, og at datadeling og tett samarbeid mellom laboratoria gir meir nøyaktige tolkingar. Korrekt tolking av BRCA1-variantar bidreg til å redde liv og hindrar unødvendig overbehandling som fjerning av friske organ. For fleire av dei innsamla variantane i BRCA1-genet var den kliniske betydinga usikker. For eit utval av desse (25 totalt) vart det difor utført funksjonelle analyser av proteinuttrykking og stabilitet, lokalisasjon i cellene, interaksjon med proteinpartnarar og effekt på DNA-reparasjon. Dei funksjonelle analysane gav ny kunnskap som førte til at sju av variantane vart reklassifisert til truleg ikkje sjukdomsgivande, og ein variant til truleg sjukdomsgivande. Dette vil gi ein meir presis diagnostikk og ei betre oppfølging av dei som har fått påvist dei aktuelle variantane.

Personalia

Henrikke Nilsen Hovland (f. 1994) kjem frå Sykkylven i Møre og Romsdal, og har mastergrad i molekylærbiologi frå Universitetet i Bergen (2018). Avhandlinga utgår frå Klinisk Institutt 2, UiB og Regionalt Kompetansesenter for Arveleg Kreft, Avdeling for Medisinsk Genetikk, Haukeland Universitetssjukehus, og er finansiert av HelseVest. Hovudveileder er Elisabet Ognedal (PhD). Medveiledarar er Ingvild Aukrust (PhD), Per Knappskog (Professor) og Bjørn Ivar Haukanes (Dr.philos).