Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Pengespelproblem – Mottiltak frå spelarar og myndigheit

Jonny Engebø disputerer 30.11.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Harm reducing and preventative regulation. Implemented by authorities or gamblers."

Main content

Mange deltek i pengespel. Nokon får problem og på ulikt vis opplever dei skade frå spelinga, t.d. på økonomi og helse. Anslagsvis blir også seks andre påverka per spelar med problem. Ulike tiltak kan brukast for å førebygge, m.a. kan myndigheiter avgrense tilgjenget til spel og den einskilde spelar kan sette beløpsgrenser for spelinga.

Avhandlinga omfattar tre studiar om slike tiltak: 1) Spelarar si tru på at tiltak vil hjelpe dei til å ha kontroll, 2) faktisk bruk av tiltak og 3) om reguleringstiltak frå norske myndigheiter har endra speleåtferd blant spelarar. Studiane er basert på nasjonale spørjeundersøkingar i Norge.

Mellom 35% og 42% av spelarane var verken samd eller usamd i at ulike tiltak ville hjelpe dei med å kontrollere eiga speling. Fleire var samd enn usamd. Kvinner og yngre hadde oftare trua og type spel ein deltok i såg og ut til å påverke om ein hadde trua på tiltak eller ikkje. Bruken av tiltak for å hindre skade varierte frå 0,8 % (kontakta hjelpetenester) til 23 % (sette tapsgrenser dei hadde råd til). Karakteristikkar ved spelarane og sjølve spelet ser ut til å bety mest for bruken.

Speleautomatar vart forbode i 2007. Dei vart erstatta med nye terminalar med fleire reguleringstiltak i 2009. Dette medførte ein reduksjon i spel totalt, men særleg på automatar og terminalar. Andre endringar var mykje mindre. Når det i 2014 vart lansert nye interaktive online spel (t.d. kasinospel) vart det sett ein auke i deltaking for slike spel, og dei såg ut til å ha ein kanaliserande effekt frå dei utanlandske aktørar som tilbydde same type spel.

Sett under eitt er spelarar ulike og har forskjellig tru på tiltak. Det er og skilnader mellom spelarar når det gjeld faktisk bruk av tiltak. Vidare viser avhandlinga at endringar i spelemarknaden kan endre speleåtferd ulikt mellom spelarar. Funna i studiane er relevante for speltilbydarar og myndigheiter som lagar lovverk og regulerer pengespelmarknader.

Personalia

Jonny Engebø er sosiolog og spesialrådgjevar i Lotteritilsynet der han har vore tilsett sidan 2001. Gjennom arbeid med pengespel har han hatt verv og oppgåver i fleire internasjonale organisasjonar. Doktorgraden er gjennomført ved Institutt for samfunnspykologi, Det psykologiske fakultet, UiB. Rettleiarar i ph.d.-arbeidet har vore Ståle Pallesen, Helge Molde og Torbjørn Torsheim, alle professorar ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen.