Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
VESTLAND FYLKESKOMMUNE MED TYDELEG SATSING

Ny giv for kultur og helse

Vestland fylkeskommune vil styrkje arbeidet med fagområdet kultur og helse, m.a. ved å etablere eit samarbeidsforum, prioritere integrering av flyktningar, ta i bruk musikkterapi for gode skulemiljø og vere pådrivar for politikkforming.

Vestland fylkeskommune om kultur og helse
Skjermdump frå Vestland fylkeskommune si eiga nettsak om vedtaket om ei satsing på kultur, helse og musikkterapi.
Photo:
Vestland fylkeskommune

Main content

Samrøystes vedtak i fylkesutvalet

Vestland fylkeskommune er ein sentral deltakar i Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi. Eit samrøystes vedtak i fylkesutvalet i Vestland 28.11.2023 er verdt å merke seg, då det inneber ei tydeleg satsing på kultur og helse, inkludert musikkterapi:

  1. Vestland fylkeskommune etablerer samarbeidsforum med kommunar og frivillige organisasjonar for å auke kunnskapen til aktørane på feltet, styrkje erfaringsdelinga og samordne innsatsen innanfor fagområde kultur og helse.
  2. Vestland fylkeskommune vil styrke arbeidet med å utvikle kunnskap om fagområdet kultur og helse, mellom anna som verkemiddel til integrering av flyktningar.
  3. Vestland fylkeskommune legg til rette eigne tenester med føremål å styrkje arbeidet med kultur og helse. I vidaregåande skule er det behov for meir kompetanse om bruk av musikkterapi som del av det faste pedagogiske tilbodet knytt til psykisk helse, og om korleis musikk i skulen kan bidra til gode skulemiljø og som alternative meistrings- og læringsarenaer.
  4. Vestland fylkeskommune skal vere pådrivar for politikkforminga på feltet.

Nedanfor følgjer informasjon om planforankringa og det konkrete saksframlegget som ligg bak dette tydelege politiske vedtaket. I faktaboksen dreg vi trådar tilbake til framveksten av musikkterapifeltet på Vestlandet på 1980- og 1990-talet. Fylkeskommunen var ein sentral medspelar også då.

Solid forankring

Saka som fylkespolitikarane fekk seg førelagt, har solid forankring, både i Kulturlova og i fylkeskommunens eige planverk innan regional utvikling, kultur, opplæring og folkehelse.

Når det gjeld forsking og praksis, viser saksframstillinga m.a. til det tette samarbeidet mellom Fylkeskommunen og kunnskapsklynga Polyfon på musikkterapiområdet. Andre samarbeidspartar inkluderer m.a. Alrek helseklynge; Idrettsklynge Vest; UiB; HVL; USHT Vestland, Sogn og Fjordane; Helse Førde og Kinn kommune.

Saka er også administrativt forankra. På fylkeskommunens avdeling for kultur og folkehelse er det tilsett rådgjevar i kultur, helse og musikkterapi.

Når det gjeld politisk forankring vert det vist til at nasjonale, regionale og lokale mål, føringar og vedtak er grunnlag for den heilskaplege politikken fylkeskommunen ønskjer å utvikle på området.

Korleis kan musikkterapi bidra til gode skulemiljø?

Ei av dei viktigaste oppgåvene til fylkeskommunen er ansvaret for vidaregåande skule. Ein del av det politiske vedtaket som no er gjort, omhandlar altså musikkterapeutiske tenester: «Vestland fylkeskommune legg til rette eigne tenester med føremål å styrkje arbeidet med kultur og helse. I vidaregåande skule er det behov for meir kompetanse om bruk av musikkterapi som del av det faste pedagogiske tilbodet knytt til psykisk helse, og om korleis musikk i skulen kan bidra til gode skulemiljø og som alternative meistrings- og læringsarenaer».

I grunngjevinga vert det vist til dei store utfordringane med trivsel og fråfall i skulane. Ein tydeleg uttale frå Vestland ungdomsutval, fatta i møte 20.10.2023, er også ein del av saksutgreiinga:

VU [ønskjer] at det blir sett fokus på god utbreiing av musikkterapi i fylket. VU ønskjer tal på kor mange musikkterapeutar som jobbar aktivt i fylket og om det er mogleg å få til ei ordning lik helsesjukepleiarordninga på skulane. At musikkterapeutar kan jobbe på skulen med elevar som treng tilbodet.