Nytt prosjekt i Vestland
02. mai 2024 starta Vestland fylkeskommune eit toårig prosjekt der ein skal skaffe meir kompetanse på bruk av musikkterapi i vidaregåande opplæring.
Main content
Prosjektet heiter "Utvikling av eigne tenester: musikkterapi i vidaregåande opplæring – eit toårig samarbeidsprosjekt om musikkterapi mellom opplæring og kompetanse og kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune".
Prosjektet har som mål å skaffe meir kompetanse i vidaregåande skule om:
- bruk av musikkterapi som del av det faste pedagogiske tilbodet knytt til psykisk helse.
- musikkterapi som verkemiddel i integreringsarbeid.
- korleis undervisning i musikk og helse kan gje verktøy knytt til kompetansemål ved helse- og oppvekstfag Årstad VGS VK1 og VK2.
- korleis musikk i skulen kan bidra til gode skulemiljø, og som alternative meistrings- og læringsarenaer.
Målgruppene er elevar på tre utvalde vidaregåande skuler i Bergen.
Det er no tilsett ein musikkterapeut i ei toårig prosjektstilling i 100% knytt til prosjektet. Musikkterapeuten skal gjennomføre musikkterapi ved dei tre skulane, og jobbe tett med prosjektgruppa.
Det blir spennande å følgje med på korleis dette initiativet utviklar seg og kva effektar det vil ha på både elevar og skulemiljøet i Vestland fylkeskommune!
Er du nysgjerrig på bruk av musikkterapi?
19. september inviterer Vestland fylkeskommune til konferanse om bruk av musikkterapi. Konferansen blir fysisk på Stord. Følg med på denne sida for meir informasjon.