Klyngevekst og fylkeskommunal satsing
Våren 2025 har det vore fleire nye innmeldingar i kunnskapsklynga. Samstundes trappar Vestland fylkeskommune opp arbeidet med musikkterapi. Veksten styrkar Polyfons arbeid med å gjere forskingsinformert musikkterapi tilgjengeleg for alle som treng og ønskjer det.
Main content
Klyngevekst
16. juni 2025 var det styringsgruppemøte i Polyfon, og fire nye aktørar vart inkluderte i samarbeidet: Voss DPS NKS Bjørkeli, Ullensvang kommune, Vaksdal kommune og Voss herad. Nyleg vart Bufetat region vest og Sørlandet sykehus med i klynga. Totalt er det no 21 aktørar som er med, 4 frå akademia, 9 frå kommunesektoren, 7 frå spesialisthelsetenesta og Bufetat region vest.
Veksten er med på å gjere klynga meir robust, både fagleg og økonomisk, men er sjølvsagt ikkje eit mål i seg sjølv. Det som betyr noko er å byggje eit samarbeid som kan bidra til utvikling i heile landet. Klynga arbeider for at alle som treng og ønskjer det kan få tilgang til forskingsinformerte musikkterapitenester av god kvalitet.
Her følgjer litt informasjon om dei nye deltakarane i klyngesamarbeidet. Nye enkeltdeltakarar vert presenterte her i hovudteksten, medan aktørane i undergruppa Partssamarbeid Vestland vert presenterte i faktaboksen til høgre.
Bufetat region vest
Bufetat region vest si deltaking i Polyfon vil gje nye mogelegheiter for barn og unge som ønskjer tilgang til musikkterapi og til musikk som hobby og fritidsaktivitet.
Bufetat region vest ligg under Bufdir, dekkjer kommunane i Vestland og Rogaland og tilbyr ulike tenester knytt til barnevern, fosterheimar og familievern. Dette omfattar informasjon og rådgjeving til kommunane, støtte til implementering og også akuttplasstar, institusjonstilbod og andre hjelpetiltak.
Bufetat region vest har i fleire år hatt samarbeid med musikkterapeutar, m.a. med Viggo Krüger og andre musikkterapeutar knytte til organisasjonen «Kom Nærmere». No ønskjer etaten å ta nye steg og arbeide meir systematisk med informasjon om og implementering av musikkterapi.
Sykehuset Sørlandet
Sørlandet sykehus ved Klinikk for psykisk helse har meldt seg inn i Polyfon. Vi gler oss til det nye samarbeidet og vonar det vil få positive ringverknader for musikkterapifeltet i heile Sørlands-regionen!
Klinikk for psykisk helse har behandlingstilbod som omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester. Tilboda dekkjer heile Sørlandet, med mykje aktivitet sentrert til byane Kristiansand og Arendal. Klinikken har etablert musikkrom og musikkterapitilbod i begge desse byane og ønskjer no å utvikle musikkterapitilbodet sitt, i samarbeid med dei andre klyngedeltakarane i Polyfon.
Klinikken har allereie etablert fleire musikkrom, m.a. ved den nybygde Psykiatrisk avdeling i Kristiansand. Der kan klinikkens første musikkterapeut, Semir Mujkic, ta imot pasientar i musikkterapi, i tråd med nasjonale retningslinjer. I tillegg satsar sjukehuset på gode konsertopplevingar og den helsefremmande verdien det kan ha. Eit tett samarbeid er etablert med Kilden teater- og konserthus. Samstundes tar sjukehuset høgde for at mange opplever at det kan vere skremmande å oppsøkje eit kulturhus som Kilden, t.d. dersom ein har sosial angst. Å kome og høyre musikk utanom vanleg opningstid kan derimot vere lettare. Ein del av samarbeidet som er inngått er difor at somme av symfoniorkesteret sine prøver er opne for pasientane ved Psykiatrisk avdeling.
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Voss lokalsjukehusområde: Eidfjord, Kvam, Ulvik, Vaksdal og Voss. Klinikken gjev eit ålmennpsykiatrisk behandlingstilbod til vaksne med psykiske lidingar.
Voss DPS har hatt musikkterapeutstilling i fleire år. Innmeldinga i Polyfon opnar for vidare fagutvikling og også for prosjekt og utviklingsarbeid knytt til samhandling med dei kommunane i opptaksområdet som arbeider med planar om å utvikle musikkterapitenester for målgruppa.
Vaksdal kommune og Voss herad har også meldt seg inn i Polyfon, gjennom Partssamarbeid Vestland (sjå Faktaboksen til høgre), så her ligg det an til spennande samarbeid.
