Fleirstemd musikkpolitikk for framtida
Det regjeringsutnemnde Musikkutvalet står bak NOU 2025: 7 om framtidas polyfone musikkpolitikk. Musikkterapiens potensial har fått ein tydeleg plass. Høyringsfristen var 14. november 2025. Vil regjeringa følgje opp med forslag til Stortinget om nasjonal oppskalering?
Main content
Musikklandet
Pkt. 4.8 i NOU 2025: 7 handlar om musikk og helse, der musikkterapiens potensial og utviklingsbehov har ein tydeleg plass.
Utgreiinga peikar m.a. på kunnskapsklynga Polyfons arbeid med å støtte og stimulere meir systematisk implementering av kunnskap og arbeidsmåtar i tenester og tilbod. Det blir også vist til Polyfons årsmeldingar og den dokumentasjonen klynga har lagt fram om dei store regionale skilnadane i Noreg når det gjeld implementering.
Utvalet kjem med heilt konkrete tilrådingar for utvikling av musikkterapifeltet og peikar m.a. både på behov for tilskotsordningar og for ei tredje musikkterapeututdanning i Noreg.
Musikkterapi som «potensialsvinn»?
Under Arendalsuka vart NOU 2025: 7 diskutert, med vekt på «potensialsvinn». Med musikkterapi som eitt eksempel, har utvalet brukt dette omgrepet for å peike på gode praksisar innan musikkfeltet der potensialet ikkje vert realisert. Les meir om debatten på Kontekst.no (Kontekst.no er eit digitalt tidsskrift fra Creo – forbundet for kunst og kultur).
Musikkutvalet sin leiar kjem til Polyfon-konferansen
Sigrid Røyseng, professor i kultursosiologi ved Noregs musikkhøgskole og leiar for det regjeringsutnemnde Musikkutvalet, heldt eit engasjerande plenumsføredrag under Polyfon-konferansen 14. november 2025. Kva grep kan takast for å lukkast med den nasjonale oppskaleringa av musikkterapifeltet som utvalet tar til orde for? Dette er diskusjonar du kanskje ønskjer å vere ein del av, også vidare?
