Skulen og livskvalitet – meir enn individuelle prestasjonar?
Solrun Samnøy disputerer 10.12.2025 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Rethinking wellbeing: A qualitative exploration of education’s potential to cultivate student wellbeing in the Norwegian school context".
Main content
Doktorgradsavhandlinga undersøkjer skulen si rolle i å fremja livskvalitet blant barn og unge, og peikar samstundes på utfordringar ved dagens individualistiske og prestasjonsorienterte skulepraksis. Forskinga tek utgangspunkt i omgrepet wellbeing, omsett til «livskvalitet», og byggjer på tre kvalitative studiar som utforskar både lærarar sine erfaringar og analyserer korleis livskvalitet kjem til uttrykk i læreplanverket.
Studiane viser at lærarar oppfattar det å fremja elevane si psykiske helse og heilskaplege utvikling som ein integrert del av yrkesrolla. Samstundes opplever dei ofte å stå i ein skvis mellom krav om måloppnåing og omsynet til elevane sin modningsprosess. Vidare kjem det fram at lærarar opplever at det å vera bevisst på eigne følelsar er viktig i lærarrolla. Å romma ulike emosjonelle erfaringar – også såkalla negative følelsar som usikkerheit, avmakt, frustrasjon og sorg – handlar om å romma livet slik det er. Ved å utforska slike erfaringar som kjelder til innsikt i kva som står på spel, kan læraren òg støtta elevane i å læra å kjenna både seg sjølv og livet elles.
Analysane av læreplanen (LK20) viser at dei tverrfaglege tema i stor grad knyter livskvalitet til individuelle val og ferdigheiter, noko som kan tona ned dei sosiale, kulturelle og økologiske dimensjonane.
På bakgrunn av funna, problematiserer Samnøy den rådande forståinga av trivsel og livskvalitet som noko primært individuelt og følelsesmessig – eit uttrykk for ein kultur som verdset det positive og vellukka. Med dagens sterke fokus på målbare resultat på individuelt nivå, peikar ho på risikoen for at opplæringa bidreg til å distansera elevane frå den verda dei er ein del av, heller enn å synleggjera den heilskapen dei inngår i. Avhandlinga løftar fram skulen sitt potensial til å styrkja elevane sin livskvalitet ved å vektleggja dei kollektive sidene ved tilværet – dei som både støttar og utfordrar vår felles eksistens.
Personalia
Solrun Samnøy (f. 1969) er utdanna lærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk, statsvitskap og psykologi. Ho har arbeidd i lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sidan 2015. Parallelt har ho gjennomført doktorgradsarbeidet ved Institutt for helse, miljø og likeverd, Det psykologiske fakultetet, Universitetet i Bergen. Vegleiarar har vore professor Bente Wold (UiB), førsteamanuensis Hege Eikeland Tjomsland (HVL/INN) og professor Eirik Sørnes Jenssen (HVL).
