Hydrogenlagring i undergrunnen og mikrobar med appetitt
Raymond Mushabe disputerer 17.4.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Underground hydrogen storage in porous media: Microbial controls and multiphase flow.".
Main content
Hydrogen er løfta fram som ein mogleg berebjelke i framtidas lågutsleppssamfunn – ein rein energiberar som kan lagrast i stor skala i geologiske formasjonar i undergrunnen for å sikre stabil tilgang når produksjonen frå vind og sol varierer. Men i slike porøse reservoar kan det finnast eit rikt mikrobielt liv med appetitt som kan påverke lagringseffektiviteten.
I doktorgradsprosjektet sitt undersøker Mushabe korleis mikrobiell aktivitet i reservoarbergartar kan føre til hydrogenkonsum, energitap og endra gassflyt, noko som igjen kan påverke både effektivitet og føreseielegheit ved syklisk lagring av hydrogengass i undergrunnen. I arbeidet er det utvikla og testa ein reproduserbar laboratoriemetode som genererer høgkvalitetsdata, samt avansert avbilding (MRI og PET) for å studere hydrogentransport i porøse bergartar under mikrobiell påverking. Tapsratane for hydrogen minkar etter fleire lagringssyklusar, noko som peikar mot meir stabil og føreseieleg lagring på lengre sikt. Laboratoriearbeidet er kopla til reservoarsimuleringar på feltskala, og maskinlæring er nytta for å predikere lagringsdynamikken og utvikle raske, treffsikre modellar.
Forskinga integrerer reservoarfysikk, biogeokjemi og datavitskap, og bidreg med ny kunnskap for å utvikle trygg og føreseieleg undergrunnslagring av hydrogen.
Personalia
Raymond Mushabe vokste opp i Uganda og har ein mastergrad i petroleumsteknologi frå NTNU i Trondheim. Doktorgradsarbeidet i reservoarfysikk (2022-2025) er gjennomført ved Institutt for fysikk og teknologi (UiB), Haukeland universitetssjukehus, Equinor og NORCE. Arbeidet er finansiert av Norges forskningsråd og knytt til Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR). Rettleiarar har vore Geir Ersland, Na Liu, Nicole Dopffel og Marianne Steinsbø.
