Fem nye klyngedeltakarar
Knutepunktmodellen og prosjekt OPPTAKT skapar engasjement i dei nye regionane sør og aust. Heile fem nye deltakarar er tatt opp i klynga dei siste vekene: Kilden teater og konserthus, Kristiansand kommune, ROM-Agder, Sykehuset Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.
Main content
I løpet av berre nokre veker har Polyfon gjort vedtak om opptak av fem nye klyngedeltakarar. Desse fem nye representerer heile breidda i Polyfon – eit universitet, eit helseføretak, ein kommune, eit brukarstyrt senter og ein kulturaktør:
- Universitetet i Sørøst-Norge, Institutt for helse-, sosial- og velferdsfag, har sterke fagmiljø som har bidrege nasjonalt når det gjeld tematikkar som er sentrale for musikkterapifaget, som personleg og sosial recovery, menneskerettar og medforsking. Instituttet har tilsett ein musikkterapiforskar med doktorgrad frå Noregs musikkhøgskole og har planar om å byggje både forskingsaktivitet og vidareutdanningskurs innan musikk og helse, i samspel med tenester og fagmiljø i regionen.
- Sykehuset Innlandet har utvikla musikkterapi som ein del av behandlingstilbodet sitt innan psykisk helse og rus. Ved forskingssenteret ROPforsk er fleire av forskarane er involverte i musikkterapirelaterte forskingsprosjekt. I tillegg har helseføretaket gjennom Kulturnettverket Innlandet lagt til rette for eit breitt samarbeid om tilrettelagde kultur- og aktivitetstilbod. Dessutan er Rockovery Innlandet godt utvikla, med eit breitt samarbeid i heile fylket.
- Kristiansand kommune, Kultur og innbyggerdialog, har tradisjon for å samarbeide med Sørlandet sykehus om utvikling av musikkterapitenester. I samarbeid med andre avdelingar i kommunen, ønskjer denne avdelinga i Kristiansand kommune å vere med på å byggje musikkterapifeltet i regionen, som ein del av samarbeidet i Polyfons knutepunkt i sør.
- ROM-Agder er eit regionalt brukarstyrt kompetansesenter innan feltet psykisk helse og rus, med base i Kristiansand. Senteret er eitt av dei fem regionale brukarstyrte sentra i Noreg som får støtte over statsbudsjettet. ROM står for «Råd og muligheter» og senteret samarbeider tett med m.a. kommunar, fylkeskommune, helseføretak, universitet og forskingsinstitutt. Senteret ønskjer å bidra med formidling av brukarerfaringar, å dele informasjon om musikkterapi i seminar og aktuelle nettverk, å bidra til utvikling av musikkterapitilbod og å vere eit nav for rekruttering av brukarrepresentantar til prosjektarbeid.
- Kilden teater og konserthus er eigd av Agder fylkeskommune og Kristiansand kommune og har ideelle føremål knytte til kunst, kultur og livskvalitet. Deltakinga i Polyfon er tenkt kanalisert gjennom kompetansesenteret Kilden dialog, som arbeider med å utvikle kunst og kultur som veg til betre folkehelse og sosial inkludering. Kilden er dessutan det einaste kulturhuset i Noreg med ein eigen forskingsansvarleg, der forskingsaktiviteten har fokus på korleis deltaking i kunst og kultur påverkar meistring, livskvalitet og helse.
Klyngeleiar Brynjulf Stige seier dette om denne utvidinga:
Målet med knutepunktmodellen er å kombinere krafta i regionale samarbeid med tyngda i nasjonal samordning. Dei fem nye innmeldingane i klynga tyder på at dette har noko føre seg. OPPTAKT har fått ein god start!
