Oppdaga dei første virusa hjå lakselus
Arnfinn Lodden Økland disputerer 17.6.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Mononegaviruses in sea lice".
Main content
Lakselusa er blant dei største utfordringane for oppdrett av atlantisk laks. Trass i den store betydninga har forskarar visst lite om virus som infiserer sjølve parasitten. I doktorgradsarbeidet sitt har Økland kartlagd virus hjå lakselus og andre parasittiske hoppekreps. Forskinga førte til oppdaginga av fire tidlegare ukjende virus. Tre av desse viste seg å danne ei eiga grein innan virusfamilien Rhabdoviridae. Funna var så særmerkte at dei bidrog til etableringa av ei ny virusslekt, Caligrhavirus. Eit fjerde virus vart identifisert som medlem av familien Artoviridae og representerer ei gruppe virus som ser ut til å vere tett knytt til parasittiske hoppekreps. Virusa vart påviste gjennom heile livssyklusen til lakselusa, frå egg til vaksne individ. Dette tyder på at virusa blir overførte frå foreldre til avkom og kan ha hatt eit langvarig evolusjonært samliv med vertane sine. Resultata viser at lakselus og beslekta artar husar ein langt større virusdiversitet enn tidlegare kjent. Arbeidet gir ny innsikt i korleis virus har utvikla seg hjå leddyr, og legg grunnlaget for vidare studiar av samspela mellom virus, lakselus og laks.
Personalia
Arnfinn Lodden Økland (f. 1986) er utdanna fiskehelsebiolog frå Universitetet i Bergen. Han er PCR Manager ved Pharmaq Analytiq, der han har arbeidd med molekylær diagnostikk sidan 2017. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar har vore professor Are Nylund.
