Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Kva formar arbeidet med samanheng i lektorutdanninga?

Pernille Reitan Jensen disputerer 11.9.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Koherens i lektorutdanninga".

Main content

Lektorutdanninga er ei akademisk profesjonsutdanning der studentane skal utvikle djup fagkunnskap og kompetanse til å undersvise. Utdanninga er sett saman av fleire ulike kunnskapsområde som har sine eigne tradisjonar, mål og logikkar. Eit sentralt mål er at desse områda skal danne ei heilskapleg og samanhengande utdanning. Likevel vert utdanninga opplevd som lite samanhengande av studentane, og tidlegare forsking har peikt på manglande samanheng som ei vedvarande utfordring for utdanninga. Likevel veit vi framleis lite om kva som formar arbeidet med å skape samanheng.

Denne avhandlinga undersøker samanheng i lektorutdanninga med utgangspunkt i erfaringane til programleiing, tilsette og studentar. Avhandlinga viser at arbeidet med samanheng vert forma av eit samspel mellom organisatoriske rammer, faglege kulturar og aktørane sine forståingar av utdanninga. Studien peiker på at uklåre leiingsmandat, fragmentert eigarskap og sterke disiplinfaglege tradisjonar gjer det krevjande å utvikle ei felles retning for utdanninga. Samstundes viser avhandlinga at arbeidet med samanheng ofte er avhengig av engasjementet til einskildpersonar, snarare enn systematiske institusjonelle ordningar.

Eit sentralt bidrag frå avhandlinga er at samanheng ikkje kan skapast gjennom organisatoriske endringar åleine. Skal arbeidet med samanheng lukkast, må strukturar, kulturar og kunnskap om utdanninga utviklast i samspel og over tid. Avhandlinga peiker dimed på at varig samanheng ikkje først og fremst er eit spørsmål om organisering, men om korleis institusjonelle rammer, faglege kulturar og kunnskap verkar saman. Studien bidreg med ny innsikt om kva vilkår som formar arbeidet med samanheng i ei akademisk profesjonsutdanning.

Personalia

Pernille Reitan Jensen har integrert lektorutdanning med master i nordisk frå Universitetet i Bergen. Avhandlinga «Koherens i lektorutdanninga. Vilkår for samanheng» er skriven ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar, med Heming Helland Gujord og Ida Katrine Riksaasen Hatlevik som rettleiarar.