Home
Theoretical Ecology Group

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Økonomi og biologi

Har økonomar og biologar noko å lære av kvarandre? Det har vore fleire bølger av økonomisk teori i økologien - men teoriutvekslinga har også gått andre vegen. Det meiner professor i teoretisk biologi Peter Hammerstein ved Humboldt Universitetet i Berlin. Onsdag vitjar han Universitetet i Bergen.

Main content

Biologien har arva mange metodar og perspektiv frå økonomien. Spel- og optimaliseringsteori har hatt stor innverknad på evolusjonær økologi etter å ha blitt adoptert frå økonomien. Seinare har begge fag utvikla marknadsteori, signalteori, teori for samarbeid og avstraffing, rykte og sosiale normer. Handel, resiprokalitet, rasjonalitet, læring, marknadsføring og partnarval er forskingstema som går igjen i begge fag. I bunn ligg også ein modell for menneskets natur - der økonomar og biologar ofte skiljer lag: økonomane med sin rasjonelle, nyttemaksimerande Homo oeconomicus og biologane med sin sexfikserte fitnessmaksimerande Homo sapiens.

Dette blir tema når biologen Peter Hammerstein vitjar UiB på onsdag 21. oktober kl 19 i Egget i regi av Darwin 2009. Han vil samtale med Gaute Torsvik, professor i økonomi ved UiB, om møtepunkt mellom økonomi og biologi.