Home
Environmental toxicology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Miljøundersøkingar i Bergensvatna

Tveitevannet er kraftig ureina med polyklorerte bifenyl (PCB) Maja Helgheim i Miljøtoksgruppa undersøker miljøtilstanda i Fjøsangervassdraget for å sjå korleis PCB-ureiningane frå Tveitevannet vert teke opp i abbor og korleis situasjonen er i dei andre vatna i vassdraget.

Maia og Thomas i gang med undersøkingar i Tveitevannet
Maia og Thomas i gang med undersøkingar i Tveitevannet
Photo:
Tom R. Hjertholm, BA

Main content

Tveitevannet er kraftig ureina av PCB og som del av masteroppgåva si skal Maja Helgheim undersøke om PCB vert teke opp i abbor og kva effekt PCB har på fisken ved å måla biomarkørar i leveren. Vidare skal ho undersøkje sedimenta i alle vatna i Fjøsangervassdraget; Tveitevannet og Storetveitvannet, Solheimsvannet og Kristianborgsvannet. Myravannet på Tveiterås ligg i Bjorheia landskapsvernområde i Nesttunvassdraget og fungerer som referanseområde for både abbor og sedimenta ettersom det ikkje er kjent ureining i området. 

Saman med Maja jobbar bachelorstudenten Thomas Aga Legøy som skal utføra ei prosjektoppgåve i same vassdraget. 

Dette masterprosjektet er eit samarbeid mellom UiB, Niva Vestlandsavdelingen og NIFES.

Bergensavisen skreiv 02. september 2013 dette om prosjektet (pdf). 

 

 

Bakgrunn

I 1940 vart det lagt ei bossfylling på Slettebakkmyren med planar om seinare å leggja eit idrettsanlegg over. Utgiftene til bygginga av idrettsanlegget ville såleis verta mindre sidan terrenget då allereie var oppfylt. På grunn av krigsutbrotet i 1940 måtte fyllinga takast i bruk før drenering og anna tilrettelegging var fullført. Allereie i 1941 vart det slege fast at fyllinga hadde store ulempar og Tennebekken vart ureina av tilsig frå fyllinga. Les meir hos Bergen Byarkiv om Bossfyllingen på Slettebakksmyren og Idrettsparken på Slettebakken. Denne fyllinga har ført til at Tveitevannet i dag er eit av dei mest PCB-ureina vatna i Noreg.

Polyklorerte bifenyl (PCB) er ei gruppe kjemikalier med liknande struktur. Dei består av to bensenringar (bifenyl) med 1-10 kloratom bunde til seg i ulike kombinasjonar. Totalt er det 209 ulike PCBar. Fleirtalet av PCBane har kloratoma ordna i ikkje-koplane kongener, orto-substitusjon, og har fleksibel struktur. 12 av PCBane derimot har koplan, ikkje-orto-substitusjon, av kloratoma og ein stivare struktur med dei to fenylringane i same plan. Desse koplane PCBane vert óg kalla dioksinlike på grunn av strukturlikhet til polyklorert dibenso-p-dioksin (PCDD).

Biomarkørar er i miljøtoksikologisk samanheng protein som indikerer om ein organisme har vorte eksponert for eit kjemikalie eller det kan indikera responsen organismen har hatt på kjemikaliet. 

Abbor (Perca fluviatilis) er ein uønska art på Vestlandet og difor har prosjektet fått tillating frå grunneigarane Bergen Kommune (Grønn etat) og Statskog til å ta ut så den mengda fisk som trengst ved hjelp av garn.