Home
The Organisation Development Project

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Spennande anbefalingar frå fire nye arbeidsgrupper

Fredag før påske vart dei siste fire rapportane frå Organisasjonsutviklingsprosjektet presentert for fullsett sal i Egget på Studentsenteret. Det var stort engasjement i salen, og dei frammøtte stilte fleire spørsmål til rapportane.

et fullsatt auditorium med ansatte
Nok ein gong fullsett sal i Egget då dei fire siste rapportane frå Organisasjonsutviklingsprosjektet blei presenterte fredag før påske.
Photo:
Ingvild Nilssen

Main content

Kvar er vi no?

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm opna informasjonsmøtet for dei tilsette med å legge fram statusen for prosjektet.

- Vi  ser no på kva prioriteringar vi vil gjere.  Vi  går systematisk gjennom forslaga, og før sommarferien vil vi sjå konturen av gjennomføring og iverksetting, sa universitetsdirektøren.

Bernstrøm presenterte tiltak som er under gjennomføring frå dei seks første rapportane. Betre vilkår for tverrfagleg samarbeid, incentiv som stimulerer til auka eksternt finansiert verksemd og  etablering av eit tverrfagleg BOA-team blir fulgt opp.  Rekruttering av internasjonalt sterke kandidatar skal oppnåast gjennom nye rekrutteringsprogram. Digitale tenester skal sikre tilgang og enklare  tenester retta mot studentar. Felles krav til servicenivå  og god tilgjengelegheit til dei sentraladministrative tenestene skal utviklast, og tilsettesidene skal forbetrast. 

 

Følgjande delprosjekt presenterte rapportane sine fredag 27.mars:

Ein formidabel jobb

Prorektor Anne-Lise Fimreite takka arbeidsgruppene for arbeidet dei har lagt ned i dette omfattande prosjektet.

- Ein formidabel jobb er gjort, påpeikte Fimreite.  Organisasjon og organisering har fått ei veldig sentral rolle i universitetet sitt ferske strategidokument, og de vil sjå fotavtrykka frå alle arbeidsgruppene i dokumentet.

Ho forsikra om at også dei siste fire siste rapportane vil vere representerte i rektor sin strategi.

- Like fullt vil vi sjå at ikkje alle forslaga vil komme med når vi no går over til gjennomføringsfasa av Ou-prosjektet. Når vi vel å trekke noko fram må vi også forklare kvifor vi gjer dei prioriteringane vi gjer, sa Fimreite.

Fimreite peika på kor viktig det er at leiinga har eigarskap til endringar over tid, og ikkje berre på planleggingsstadiet. Om dei som vil ha endringar slepp taket og overlèt det til fotsoldatar kan det gå gale, sa ho. Prorektor lovar at rektoratet vil vere med heile vegen i Ou-prosjektet.