Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
ny doktorgrad

Risikofaktorar for langvarige plager etter nakkesleng

Solbjørg Makalani Myrtveit disputerer onsdag 13. mai 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen: “Risk factors for development and maintenance of chronic whiplash”.

Main content

Nakkeskader, inkludert nakkesleng eller whiplash, er blant dei vanlegaste personskadeskadane ved trafikkulukker i Noreg. I akuttfasen etter whiplash opplever mange smerte og stivleik i nakken. Dei aller fleste vert raskt friske og treng ikkje behandling. Likevel utviklar nokre pasientar kronisk whiplash, ein tilstand karakterisert av nakkesmerter og nedsett livskvalitet og arbeidsevne.

Studiane i denne avhandlinga viser at individ som har dårleg helse alt før ei whiplash-ulukke har auka risiko for å utviklia kronisk whiplash. Det same gjeld for individ som før ulukka brukar mange medisinar og helsetenester.

Pasientar som i akuttfasen etter whiplash trur dei vil trenga medisinar eller sjukemelding for å bli betre, har også større risiko for å ha nakkesmerter og nedsett arbeidsevne eitt år seinare. Denne samanhengen består når ein tar omsyn til ulukkes-alvorsgrad og tidlege nakkesmerter. Pasientar som tenkjer at dei kan halda fram som før, har betre prognose.

Ein veit ikkje kvifor det å ha dårleg helse før ulukka og det å forventa å trenga sjukmelding og medisinar heng saman med prognose etter whiplash. Det kan sjå ut som om enkelte individ er meir sårbare for kroniske smerter, og difor ha auka risiko for å utvikla slike symptom etter ei bilulukke. Desse individa er kanskje folk som grunna erfaring med dårleg helse reknar med å trenga medisinar og helsehjelp oftare enn andre.

Uansett kva som er grunnen til at dårleg helse før ulukka, og forventing om å trenga medisinar og sjukemelding, heng saman med risiko for langvarige plager, er dette nyttig informasjon. Helsepersonell som veit om desse samanhengane kan potensielt, med enkle spørsmål til pasienten, identifisera individ med auka risiko for kroniske plager. Dette kan føra til at personar som treng det kan få hjelp tidlegare.

Doktorgraden er basert på tre lengdesnitts-studiar, to baserte på data frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag og ein basert på data frå ei stor undersøking i Danmark.

 

Personalia:

Solbjørg Makalani Myrtveit (f. 1984) er oppvaksen på Radøy og bur i Bergen. Ho er utdanna lege ved Universitetet i Bergen (2011). Doktorgradsarbeidet er utført i tilknyting til Klinisk Institutt 2, Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen og Avdeling for Samfunn og Psykisk Helse, Nasjonalt Folkehelseinstitutt. Børge Sivertsen, Ingvard Wilhelmsen og Jens Christoffer Skogen har vore kandidaten sine rettleiarar.