Auka røynd på mobile einingar
Tor Gjøsæter disputerer tysdag 2. juni 2015 for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Interaction with mobile augmented reality – An exploratory study using design research to investigate mobile and handheld augmented reality».
Main content
Kraftige mobile einingar som tidlegare vart mest brukt av entusiastar har no blitt allemannseige. Mobilar som har mykje prossesorkraft og gode kamera tillet utviklarar og designarar å lage heilt nye brukaropplevingar.
Gjøsæters avhandling tek for seg design, utvikling og bruk av auka røynd (AR) på mobile einingar. Auka røynd (en. augmented reality) omfattar det å blande røynda med virtuelle element. På mobile einingar blir dette gjort ved at ein nyttar kameraet i mobilen til å først fange bileta av verda, for så å setje inn virtuell 3D-grafikk - i sanntid.
Avhandlinga skildrar eit rammeverk for design og evaluering av denne type teknologi. Rammeverket har blitt nytta til å designa og evaluera applikasjonar for å vise AR-innhald i aviser og i andre trykte media. Evalueringane er gjort med videobaserte brukarstudier der Gjøseter har undersøkt korleis applikasjonen vert opplevd og nytta.
Dette har resultert i metodar og retningslinjer for korleis ein kan og bør designa system for auka røynd på mobile einingar. Eksempelvis er det utarbeida ein metode der ein brukar eit teikneserieformat for å illustrera korleis brukarane nyttar teknologien. Eit anna eksempel er ei retningslinje som fortel om korleis ein bør tilretteleggje innhald i 3D for brukarar av AR på mobile einingar.
Konsekvensen av forskinga er ei djupare forståing av denne nye og stadig meir vidfemnande teknologien. Gjennom ei grundig skildring og evaluering av ulike mobil-AR applikasjonar får ein innsikt i korleis dei er bygd opp og korleis ein kan designe for god interaksjon med teknologi basert på auka røynd.
Personalia:
Gjøsæter (født i 1983) har vore tilsett som stipendiat ved Universitetet i Bergen, Insitutt for informasjons- og medievitskap. Hans rettleiar under forskarutdanninga har vært Weiqin Chen ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Frå før har Gjøsæter ein mastergrad ved same institutt. No er han partnar i Bryggen Research AS og arbeider med forsking og design.