Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
ny doktorgrad

Programutvikling og autonomi i vitskapleg datahandsaming

Øystein S. Haaland disputerer torsdag 10. desember 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Autonomic Operation of a Large High Performance On-Line Compute Cluster».

Main content

I denne avhandlinga ser kandidaten på korleis implementsjonen av ei  høgytelseklynge for datafiltrering har gått føre seg i ALICE-eksperimentet på CERN og legg fram kva for utfordringar ein støyter på når ein skal handtere og drifte slike system.

Det viser seg at programvareutvikling i slike miljø ofte er karakterisert av andre omsyn enn det ein kjenner frå den kommersielle programvareindustrien og frå programutviklingsteori. Sentralt her er at krevjande utrekningar gjer at det vert viktigare med høg programvareyting enn med kodeproduktivitet.

Eit anna viktig moment er at instrumenta ein byggjer i dag vert stadig større og lausare samansett, på same tid som dei kviler tyngre på programvare for sin funksjon. Dette krev meir av den einskilde i sitt vitskaplege virke; ein må meistre både sitt eige domene, samt ha inngåande kunnskap om utvikling av komplekse programvaresystem.

Kandidaten peikar på tiltak og prosjekt undervegs som kan gjere det aktuelt i nær framtid å bruke dagens meir produktive programmeringsspråk også i miljø der ein treng høg yting. Vidare dreg han fram kjende utviklingsmetodar og praksisar som bør passe vel for å handtere store prosjekt i vitskapleg datahandsaming, og som ein har erfaring med at gjev positive ringverknadar i andre domene, i form av høgare kodekvalitet og meir forutsigbar prosjektframdrift.

Til sist vert det presentert ein prototype som freistar å ta eit steg på vegen mot større grad av autonomi i slike klyngjer. Den umiddelbare utfordringa er koordinering av dei mange systema som skal jobbe i lag. Ein finn gjerne att same funksjonalitet fleire stadar, og ser lite samhandling utover det som spesifisert som funksjonelle krav. Prototypen tilbyr distribuert infrastruktur som sameinar tilgang til felles funksjonalitet i ein kjend struktur, slik at den enkelt kan gjenbrukast på kryss av undersystem.

I utviklinga av prototypen, har ein å gjort seg bruk av tidligare føreslegne metodar og praksisar i så stor grad som mulig.

 

Personalia:

Øystein S. Haaland (fødd 1981) er oppvaksen i Flekke i Sogn og Fjordane, men har budd i Bergen sidan studiestart. Han fullførte mastergrad i Informatikk ved Universitetet i Bergen i slutten av 2007, og vart deretter teken opp som ph.d.-kandidat.