Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
ny doktorgrad

Kjemiske reaksjoner som kan danne naturstoffer fra havet

Weidong Shang disputerer fredag 29. januar 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Syntheses and reactivity of some functionalized alkynones”.

Main content

Ei tett funksjonalisert organisk samanbinding med ei terminal trippelbinding, 3,3,4,4-tetraetoksybut-1-yn (TEB) er vald som startmateriale for syntesearbeidet i doktorgradsprosjektet.  TEB er laga i ein fire-steg syntese, og det initielle arbeidet i avhandlinga omhandlar optimalisering av det tredje steget i syntesen av TEB. Utbytet i denne reaksjonen vart forbetra til over 99 prosent.

Basert på TEB er ein serie av fem-ringstrukturar (furan) syntetiserte. Dette vart først gjort i tre reaksjonssteg ved å starte frå funksjonaliserte proparagylliske alkoholar, danna i gode utbytte frå TEB. Alkoholane vart silylerte under milde betingelsar, før deketalisering i sure reaksjonsforhold. Produkta etter desse reaksjonane var siloksylerte konjugerte acetyleniske keton, og deira reaktivitet i reaksjonar med ulike nukleofilar blir studert. Dei fleste reaksjonane gav E- og Z-akenon, og Z-alkenonet kunne nyttast til å lage dei ønska furanderivata etter fjerning av silylgruppa. 

Furanderivat vart også danna ved å redusere ketonet til ein serie av alylliske alkoholar. Desse samanbindingane synte seg å ha ukjende eigenskapar og reagerte ikkje som venta. I staden for å gi furanar direkte, blei karbonkjeda avkorta i ein reaksjon som syner seg å vera ny. Produktet kunne likevel brukast til å danne nye furanar på andre måtar.

I tillegg er det gjort studier av eit alkynon der posisjonen til det mest reaktive senteret var flytta frå eit karbon i molekylet til eit anna. Dette førte til interessante endringar av reaktiviteten. 

 

Personalia:

Weidong Shang (f. 1984) vart fødd  i provinsen Shaanxi, Kina. Han oppnådde mastergrad (2011) i organisk kjemi ved Northwest University (Xi’an, Shaanxi). I 2011 starta han på doktorprosjektet i forskingsgruppa for Organisk syntese og legemiddelkjemi ved Kjemisk Institutt, Universitetet i Bergen, under rettleiing av professor Leiv K. Sydnes.