Hjem
Geodynamikk og Bassengstudier
Masterprosjekt GEO - Christian Haug Eide

Fjordsedimenter som arkiv for skredhendelser i Vestlandske fjordstrøk: Aurlandsfjorden

Dette masterprosjektet er ledig for masteropptaket høsten 2019

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse

På Vestlandet er det ei rekkje vegar som ofte vert ramma av skred, men vi veit lite om kva avsetjingar slike skred legger fra seg i det sedimentære arkivet. Målet med denne oppgåva er å undersøke kor stort potensialet er for å bruke avsetjingar frå skred i fjordar til å forstå skredprosessar, undersøke gjentakelsesrate for skred og størrelsesdistribusjon skred. Vidare veit vi lite om korleis disse skredavsetjingane blir påverka av seinare bioturbasjon, og dette kjem også til å bli eit viktig punkt i oppgåva. 

I Aurlandsfjorden i Sogn og Fjordane er det fleire stadar der vegen har blitt ramma av skred. Vegvesenet har rapportar frå slike skred fleire tiår tilbake, og dei har arkiv over kva skringstiltak som har blitt gjort. I 2016 samla Universitetet i Bergen inn fleire sedimentkjerner frå skredvifter og skredbassenger i Aurlandsfjorden. Disse sedimentkjernene viser ei rekkje ulike skredavsetjingar som har blitt blitt omarbeida av gravegangar i varierande grad.

Oppgåva går ut på å beskrive disse kjernene med tanke på sedimentære prosessar, skredprosessar og bioturbasjon, danne ein kronologi for nokre av disse kjernene basert på radiometrisk datering, og samanlike disse skredhendingane med tidligare skredhendingar som er beskrive i rapportar frå Vegvesenet.

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp)

GEOV217 Geofarer
GEOV228 Kvartær geokronologi
GEOV229 Geomorfologi
GEOV251 Videregåande klastisk sedimentologi
GEOV302 Anvendt dataanalyse i geovitenskap
GEOV231 Maringeologisk felt- og laboratoriekurs

Eksterne data

Rapportar frå vegvesenet

Felt- lab- og analysearbeid

Laboratoriearbeid med CT-scanning, undersøkelse av CT-data, kjernebeskrivelse, kjerneanalyse med multi-track core scanner, analyse av kartdata og batymetriske data,