Hjem
Geodynamikk og Bassengstudier
MASTERPROSJEKT - KLIMA/GEOFARER

Kva skjer med skredfaren om ein hogger skogen i utsette skråninger på vestlandet?

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse / Project description
Fleire tettstadar på Vestlandet er utsett for snø- og jordskred. I mange bygder er skogen hoggstklar, men det er uklart
korleis eventuell hogst av skog i utsette skråningar vil påverke skredfaren. Å forstå dette er viktig for kommunane som
skal bestemme om dei skal legge restriksjonar på hogst i slike områder. Fjerning av skog vil med ein gong føre til endringar i potensielle løyseområder for snøskred, og fjerning av vegetasjon vil også eksponere lausmassar som kan auke faren for jordskred i periodar med mykje nedbør. Det er også viktig å tenke på at klimaet fram mot år 2100 blir varmare og våtare enn i dag, og har eit større sannsyn for styrtregn. Det er også viktig at kommunane ikkje pålegger unødvendige restriksjonar på økonomisk aktivitet. Multiconsult har fått i oppdrag å vurdere korleis skredfaren kjem til å endrast i Vossevangen om skog blir fjerna. Studenten som får dette masterprosjektet vil arbeide saman med Multiconsult si gruppe på dette prosjektet, og vil også undersøke andre utsette bygder for å kunne sei noko generelt om korleis fjerning av skog vil endre skredfare. Arbeidet med prosjektet vil hovudsakleg skje på UiB, med besøk hos Multiconsult for innføring i modellering i RAMMS og diskusjoner om prosjektet. Studenten vil også reise på nokre befaringar i felt. Deltagelse på Geofaredagen er viktig. Studenten vil få innføring i bruk av modelleringsverktøy og bruk av GIS.

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp) 
GEOV217 – Geofarar (10 ECTS)
GEOV225 - Feltkurs i kvartærgeolgi og paleoklima (10 ECTS)
GEOV360 – Vidaregåande klastisk sedimentologi (10 ECTS)
GEOV228 – Kvartær geokronologi (10 ECTS)
GEOV229 – Geomorfologi (10 ECTS)
GEOV326 - Kvartære miljø, prosessar og utvikling (10 ECTS)
GEOV362 – Integrert feltkurs i tektonikk og sedimentologi (5 ECTS)

Særskilte krav for opptak til prosjektet
Studenten som får dette prosjektet må trivast millom bakkar og berg i vestlandsvêr.

Felt- lab- og analysearbeid
Befaring på studieområde i Voss saman med Multiconsult for å vurdere jordsmonn og lausmasser
Befaring ved relevante bygder på Vestlandet
Analyse av topografiske data i dei undersøkte bygdene i ArcGIS
Modellering av snøskred og jordskred i RAMMS for dei ulike studieområda
Presentasjon på geofaredagen
Skriving av oppgave