Hjem
Forskning
Horisont 2020

Skal utdanne geologar til å tenke heilskap og berekraft

Fire fagmiljø har fått EU-finansiering til internasjonale doktorgradssamarbeid. Gjennom programmet Innovative Training Networks (ITN) kan UiB no opprette seks nye stipendiatstillingar i geologi, arkeologi, meteorologi og psykologi.

Studentar fra institutt for geovitenskap undersøker reservoaregenskaper i sedimentære bergarter
Studentar frå Institutt for geovitenskap undersøker reservoaregenskaper i sedimentære bergartar.
Foto:
Christian Haug Eide

Forskarar frå Universitetet i Bergen er partnarar i fire nye forskartreningsprosjekt som er løyvd totalt 17 millonar kroner frå EU. Førsteamanuensis Christian Haug Eide ved Institutt for geovitenskap deltek i eitt av desse prosjekta. Universitetet i Rennes i Frankrike leiar prosjektet S2S-Future som har ti europeiske partnarar, inkludert Eide og to doktorgradsstudentar i geologi frå UiB. 

Forskingsprosjektet skal sjå på korleis transport av sediment frå vassdrag til djuphavet blir påverka av endringar i klima og tektonikk, og kva dette betyr for tilgang til ressursar i framtida.

Ved forvitring og skred ramlar det ut bitar av stein som vert ført med elver til kysten. Elvene dannar avsetjingar av grus, sand og leire på vegen mot havet, og store mengder sediment blir avsett som deltaer ved kysten og i djuphavet. Desse avsetjingane kan ha nyttige mineraler i seg eller vere reservoar for hydrokarbon, grunnvatn og CO2-lagring. Når klima og tektonikk endrar seg, vil avsetjingane også endre seg. Å forstå desse endringane er viktig for å forstå korleis ressursar kan bli brukt på den beste måten, forklarar Eide.

To stipendiatar og forskarskule

Prosjektet har eit sterkt fokus på utdanning av unge forskarar.

Eide leier ein arbeidspakke der dei undersøker korleis elvesystem blir påverka av store, langsiktige endringar i klima og tektonikk. Eitt ph.d.-prosjekt går på korleis sedimenttransport til Barentshavet endra seg etter den største masseutryddingsepisoden i jorda si historie. Eit anna går på å undersøke korleis elvesystem endrar seg når dei blir utsatt for store mengder vulkanisme.

– Vi vil også arrangere ein forskarskule for alle som er med i prosjektet i 2021 der vi besøker Equinor sitt lager med kjerneprøver frå Nordsjøen, undersøker seismiske data på Universitetet i Bergen, og undersøker elver og brear i Fjærland.

Neste generasjon geologar skal tenke heilskapleg

Prosjektet har 15 doktorgradsstudentar rundt i Europa. Dei møtast to gangar i året til felles undervisning i overførbare ferdigheiter (kommunikasjon, media), kvantitative ferdigheiter (modellering, programmering, statistikk), samfunnsferdigheiter og geovitenskaplege ferdigheiter, og for å diskutere forskinga som blir gjort i prosjektet. Dei deltek på sommarskular på Vestlandet, i dei spanske pyreneane og i Sør-Afrika. Alle studentane har ein industripartnar.

– Det er viktig å trene opp den neste generasjonen med geologar til å ha eit heilskapleg og interdisiplinært blikk slik at dei kan hjelpe til å nytte ressursar på ein ansvarlig og berekraftig måte, seier Eide.

– Det er svært spennande å vere med på eit slikt samarbeid med dei fremste i Europa på dette feltet. Dette gir oss muligheit til å arbeide vidare på mykje av det vi allereie er gode på på Institutt for geovitenskap, som å sjå på sedimentkjelder og transport til djuphavet i heilskap.

Dei nye prosjekta

Til saman 1800 ph.d.-kandidatar blir finansierte gjennom løyvingane frå Horisont 2020 til MSCA-ITN i 2019.

Frå før deltek UiB-miljø i seks slike samarbeidsnettverk.  Her er prosjekta som har fått løyving frå MSCA-ITN i 2019:

ProsjektnamnFakultetProsjektleiar på UiBKoordinatorTildeling i NOK til UiB
PUSHHHumanistiskChristopher HenshilwoodKøbenhavns Universitet2,7 millioner 
S2S-FutureMat.natChristian Haug EideUniversité de Rennes5,7 millioner
LIKEMat.natJoachim ReuderDanmarks Tekniske Universitet5,7 millioner
LIMNOPLASTPsykologiskGisela BöhmUniversität Bayreuth2,7 millioner