Hjem

Institutt for geovitenskap

Klimaforskere besøker skoler i Hordaland

Klimaforskarar på skuleturné

I mai og juni sender vi rundt ni unge klimaforskarar til skular i Hordaland.

deltagere_turnee.jpg

10 portretter av de som skal ut på skoleturné

I 2011 var Kikki Kleiven med på å trimme unge forskarar før dei skulle ut på skoleturné landet rundt. Prosjektet hadde namnet Generasjon Grønn, og Miljødirektoratet stod bak satsinga.

Kikki Kleiven er ein klimaforskar som brenn for formidling. Aller helst å inspirere ungdom til å velge ein veg i forskninga. No har ho tatt initiativet til ein ny skuleturné – i første omgang til vidaregåande skular i Hordaland.

 

Saman med Lars Henrik Paarup Michelsen i Norsk Klimastiftelse, tilbyr Kleiven og Bjerknessenteret no skulane å booke eit klimaforedrag på tampen av skuleåret.

Skuleturneen er ein del av prosjektet 2°C, som Bjerknessenteret og Klimastiftelsen har samarbeidd om i mange år. 2°C er eit populærvitskapleg klimamagasin som vert utgitt ein gong årleg, og tar utgangspunkt i siste forskning kring klimasystemet,  klimaløysingar og utvikling innan fornybar energi.

 

2017-utgåva av magasinet er gratis tilgjengeleg som klassesett. I  tillegg kan skular i Hordaland no også bestille ein forskar på besøk, for eit foredrag om klima i verda i dag, om klimaforsking og om kva som skal til for å nå klimamåla.

Foredraga er ved unge skulerte forskarar på UiB, Uni Research og Bjerknessenteret, og passar for vidaregåande skuleelevar i naturfag eller geofag.Foredraga varer i 30-40 minutt pluss god tid til spørsmål. 

Lærarar i vidaregåande skular i Hordaland kan melde seg på her