Hjem
Institutt for geovitenskap
Masterprosjekt - Klima

Undersøking av innsjøsediment i Kjøsnesfjorden for å rekonstruere holosen breaktivitet på Jostedalsbreen

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse 

Innsjøar er effektive sedimentfeller for materiale produsert og transportert av ulike prosessar i nedslagsfeltet sitt. Innsjøsedimenta utgjer såleis eit høgoppløyseleg arkiv. Ved å undersøkje lagrekkjer i innsjøar nedstrøms frå brear kan dette gje auka kunnskap om brear og klima attende i tid. I denne oppgåva skal innsjøsediment frå Kjøsnesfjorden undersøkast for å rekonstruere tidlegare breaktivitet og skredhendingar i nedslagsfeltet (93km2) til innsjøen.

Kjøsnesfjorden er ein del av Jølstravatnet vest for Jostedalsbreen. Ein utløpsbre frå Jostedalsbreen okkuperte Kjøsnesfjorden ved starten av holosen (Klagegg og Rye, 1990), og trakk seg attende for vel 10700 år sidan. Sørvest for Kjøsnesfjorden drenerer Grovabreen nordover og sender smeltevatn ned til Kjøsnesfjorden, og i den nordvestre delen av Grovabreen har Aa og Sønstegaard (2018) datert fleire breframstøyt i første del av holosen. Den sentrale plasseringa til Kjøsnesfjorden, sør-vest for Jostedalsbreen, vil supplementere tidlegare arbeid i området og gje auka kunnskap om storleiken til Grovabreen og Jostedalsbreen gjennom holosen.

Arbeidet vil vere kopla tett opp mot eit anna masterprosjekt i frå området som freistar å undersøkje skredhendingar langs med og i Kjøsnesfjorden ved hjelp av høgoppløyselege geofysiske metodar. Basert på resultat frå dette arbeidet vil ein bore eit eller fleire basseng i Kjøsnesfjorden for å hente opp sedimentkjernar for vidare analysar. Materialet frå sedimentkjernane frå Kjøsnesfjorden vil bli analysert med moderne analyseinstrument på EARTHLAB for å avdekkje dei fysiske, magnetiske og geokjemiske eigenskapane. Formålet med sedimentkjernane er å identifisere materiale avsett frå bre i innsjøen og tidfeste dette ved hjelp av radiokarbon datering.

Gjennom kartlegging av landformer og prosessar i nedslagsfeltet saman med dei høgoppløyselege tidsseriane frå Kjøsnesfjorden, vil ein gjennom denne oppgåva kunne svare på følgjande forskingsspørsmål:
- Kva prosessar verkar i nedslagsfeltet til Kjøsnesfjorden?
- Kan ein rekonstruere den kontinuerlege tilførselen av bremateriale til Kjøsnesfjorden, og kan ein skilje ut kva bre som gir signal?
- Er Grovabreen og eller Jostedalsbreen ein rest frå siste istid?

Ref:
Aa, A. R. og Sønstegaard, E. (2019) ‘Early-Holocene glacier fluctuations of northern Grovabreen, western Norway’, The Holocene, 29(2), s. 187–196. doi: 10.1177/0959683618810392.
Klakegg, 0. og Rye, N. (1990). Tilting of lake shorelines in Jølstravatnet, western Norway, caused by glacioisostatic rebound. Norsk Geologisk Tidsskrift 70 47-59.

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp):
GEOV217 / Geofarar (10 stp)
GEOV302 / Dataanalyse i geovitskap (10 stp)
GEOV226 / Felt og lab metodekurs (10 stp)
GEOV228 / Kvartær geokronologi (10 stp)
GEOV322 / Master ekskursjon i kvartærgeologi (5 stp)
GEOV222 / Paleoklimatologi (10 stp)
GEOV324 / Paleoklima i polare strok ( stp)

Felt- lab- og analysearbeid
Ei vekes feltarbeidet for innsamling av sedimentkjerner frå Kjøsnesfjorden og kvartærgeologisk kartlegging av området. I tillegg vil må det påreknast 2-3 månader labarbeid av sedimentkjernane på EARTHLAB.