Hjem
Institutt for geovitenskap
Masterprosjekt - Klima / Geofarer

Styrke, retning og frekvens av holocene stormar ved Ogna, Rogaland

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse
Instrumentelle og skriftlege kjelder frå områda rundt Nord-atlanteren viser at stormaktiviteten, på engelsk ofte kalt ‘storminess’, viser stor variabilitet både i tid og rom. I løpet av dei siste tiåra har det blitt gjennomført fleire studiar der målet har vore å rekonstruere tidlegare stormaktivitet, særleg på dei britiske øyer, Frankrike, Danmark og i Sverige. Desse studiane er i all hovudsak basert på prosesser som går føre seg langs kysten, og spesielt der sandkorn er mottakeleg for vind. Gjennom studiar av sanddyner, og/eller innsjøsedimenter frå omkringliggjande områder, kan ein med relativt høg presisjon rekonstruere periodar med høg/låg tilførsel av eoliske sedimenter, som ein kan relatere til stormaktivitet.

I dette prosjektet freistar me å rekonstruere styrke, retning og frekvens på stormar ved Ogna sør på Jæren gjennom analyser av innsjøkjernar frå eit tjern aust for Ogna og gjennom kvartærgeologisk kartlegging. Den dominerande vindretninga i området er vest til nordvest, og det ligg fleire vatn aust for for kjeldeområdet ved Ognastranden (og dermed i ‘rett’ retning). Det finst òg tidsseriar med meteorologiske data frå Eigerøya søraust for studieområdet som kan vere verdifull i samband med analysen.

Forskingsspørsmål:
Korleis har frekvensen av stormar variert attende i tid ved Ogna?
Kan ein knyta endringar i stormintensitet med endringar i klima?
Er det mogleg å rekonstruere styrke på stormar basert på data frå innjsøkjernar?
Har den dominerande vindretninga ved Ogna endra seg gjennom holocen?

Foreslåtte emner i spesialiseringen (60 stp) 
GEOV217 / Geofarer (høst, 10 stp.)
GEOV222 / Paleoklimatologi (høst, 10 stp.)
GEOV226 / Lab- og metodekurs i kvartærgeologi (høst, 10 stp.)
GEOV225 / Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima (vår, 10 stp.)
GEOV229 / Geomorfologi (vår, 10 stp.)
GEOV302 / Dataanalyse i geovitenskap (vår, 10 stp.)

Felt- lab- og analysearbeid
Studenten skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging ved hjelp av feltarbeid (1-3 veker), studiar av LIDAR og flyfoto som seinare skal integrerast i ArcGIS. Studenten skal vera med på prøvetaking i felt, samt gjennomføre labarbeid ved EARTHLAB av innsamla prøvemateriale frå felt.