Hjem
Institutt for geovitenskap

Bondhusdalen i fokus

Bondhusdalen, Bondhusbreen og Rosendal var rammen for årets Geodager.

Institutt for geovitenskap la årets instituttsamling til den dramatiske og vakre naturen i Kvinnherad, nærmere bestemt Bondhusdalen og Rosendal.

Her er det mange geologiske godbiter, dramatisk natur og en svært interessant kulturhistorie som både omfatter eksempler på bruk av stein til bygningsformål og bruksgjenstander, og den første turismen i Norge.

Disse temaene i programmet kombinert med et fantastisk vær gjorde årets Geodager til en helt spesiell opplevelse.

Flere forskere bidro med korte, faglige foredrag på bussturen fra Bergen og inn til Mauranger. Turen gikk om Kvamskogen, Nordheimsund, Tørrvikbygd og ferge til Jondal. Så gjennom den nye tunnellen inn til Nordrepollen.

Med "base camp" i "Olaløo" ledet professorene Jostein Bakke og Haakon Fossen ekskursjonen innover Bondhusdalen og opp mot Bondhusbreen. På flere poster oppetter dalen ble mange interessante geologiske og kulturhistoriske tema formidlet til lydhøre kolleger ved instituttet. 

Oppvokst i Jondal er Jostein bokstavelig talt "på hjemmebane" i dette området, har vært guide og brefører, og har også hatt mye egen forskning og prosjekter på og rundt Folgefonna, som ligger som et stort og skinnende lokk oppe i fjellheimen.   

Vi har her bedt han fortelle litt nærmere om de geologiske forholdene i Bondhusdalen: 

- Dei fleste som vitjar Folgefonnhalvøya og Mauranger, tek turen opp Bondhusdalen og inn til vatnet, ein av dei vakraste oppgangane til Folgefonna.

Mektige kvartærgeologiske former

Her finn vi nokre av dei mektigaste kvartærgeologiske formene på heile halvøya. Eit hovudelement i dette landskapsrommet er dei mange store fjellskreda, og  randdeltaet nedst i dalen er eit lærebokeksempel på eit fjorddelta. I tillegg ligg det to sett med moreneryggar oppå deltaflata.

Klassisk U-dal

Bondhusdalen er forma som ein klassisk U-dal, med tilnærma loddrette dalsider og flat dalbotn.  Eit tenkt lengdeprofil gjennom dalen, frå brefronten til Maurangsfjorden, viser at det ligg basseng og nivå i ulike høgder langs dalbotnen.  I tillegg til utprega U-dalsform og knekk i dalsideprofilet – eit vitnemål om eldre dalgenerasjonar –  viser dette at her er det isen som har forma landskapet.  Området har eit relieff frå havnivået i Maurangsfjorden til 1068 meter over havet, på Husafjellet.  Det som framfor noko særmerkjer Bondhusdalen, er at overgangen mellom dalside og dalbotn er dominert av svære skredavsetningar. 

Alle storformene finns her

Alle storformene i det vestlandske landskapet finn vi her:  paléiske former frå det gamle peneplanet,  V-dalar, restar av tidlegare dalgenerasjonar, U-dalsprofil, hengjande dalar og alpine restformer. U-dalsprofilet utgjer sjølve hovuddalen. Av dei landformene som er danna av breelvane finst det randdelta, delta avsett på sida av breen og ei aktiv sandurslette framfor Bondhusbreen. 

Svært godt dokumentert område - også via gamle fotografier

Dette område har svært godt dokumenterte morenar frå den vesle istida på 1700-talet. Dei er tidfesta av fotografen Knut Knudsen, som tok bilete av breen under den maksimale utbreiinga i 1893.   Skråningsformene, som er det mest dominerande landskapselementet i dalen, har i hovudsak bygt seg opp gjennom store fjellskred og aktive skredvifter Særleg fjellskredet på nedsida av Bondhusvatnet er imponerande. Området der skredet har losna, er truleg toppane sør for Husafjellet. Skredet har gått tvers over dalen og demmer i dag opp Bondhusvatnet. Det har vorte gjort forsøk på å finn alderen på skredet, men hittil har ein ikkje funne grunnlag for ei sikker datering. Truleg har det gått rett etter at innlandsisen drog seg attende frå området, ettersom den brå trykkendringa etter at isen smelta gjorde dalsidene svært ustabile. Det går minimalt med snøskred i dalen i dag, men nokre inaktive snøskredvifter vitnar om at det tid om anna enno kan gå skreder.

Bondhusvatnet - 2000 år gammelt

I Bondhusvatnet er det i fleire samanhengar teke sedimentkjerner for å studera sedimentasjonen av breslam frå Bondhusbreen. Dei lengste kjernane hadde ein alder i botnen (14C datering av organisk materiale) på om lag 2000 år. Dette kan indikera at alderen på Bondhusvatnet, slik vi kjenner det i dag, ikkje er meir enn 2000 år. Ei forklaring på dette kan vera at vatnet lenge drenerte gjennom raset, men at det etterkvart som Folgefonna auka i storleik, vart tetta igjen av bergmjølet frå av Bondhusbreen.