Hjem
Institutt for geografi

Samfunnsplanleggar i Plan Vest Bergen as

Kristian Eide Jensen fullførte mastergraden i geografi ved UiB i 2007 og arbeider i dag som samfunnsplanleggar i Plan Vest Bergen as.

Hovedinnhold

Eg ser no at geografar er attraktive på arbeidsmarknaden nettopp på grunn av den fleksible og varierte utdanninga.

Kvifor valte du å studere geografi ved UiB?

Eg byrja å studere geografi i 2001 – feltarbeida og det å tenke alternativt på rom gjorde studiet spennande. I utgangspunktet ville eg ”shoppe” litt ulike fag på Høyden, men eg likte meg så godt med geografi at eg enda opp med å ha ein master utelukkande beståande av geo-fag. Bacheloren består av lokal og regional planlegging, natur-, miljø- og samfunnsgeografi. Bacheloroppgåva vart skreiv eg med utgangspunkt i reise- og transportmønster rundt Bryne på Jæren.

Geografifaget famnar nesten skremmande vidt og masteroppgåva mi skreiv eg om problematikken rundt mikronæringsstoffmangel i jordbruket i Nepal. Kjekt feltarbeid!   

Kvifor bør nye søkarar velge å studere geografi ved UiB?

Som nemnt har faget store sprang tematisk. Utgangspunktet er at ein legg rom- og stadsforståing i botn for problemstillingane. Dette gjer grobotn for å kunne diskutere mange ulike samfunnsspørsmål. Eg ser no at geografar er attraktive på arbeidsmarknaden nettopp på grunn av den fleksible og varierte utdanninga. Utover det reint faglege, hadde eg personleg stor glede av det sosiale nettverket som vart danna på dei mange feltkursa. Dette førte til at me fekk eit samansveisa kull gjennom heile studieløpet.     

Korleis er utdanninga din relevant for den jobben du har i dag?

Etter mastergraden var levert i 2007, starta eg å jobbe hjå Fylkesmannen i Hordaland. Der arbeida eg med saker etter plan- og bygningslova, samt prosjekt som var knytt til arealforvaltning. Her var det ein fordel å ha med seg noko kompetanse innan geografiske informasjonssystem (GIS) og kjennskap til planprosessar. Når ein begynner i jobb som nyutdanna trur eg ein som regel vil føle seg litt ”lost”, men å ha ei brei geografiutdanning er eit godt bakteppe. Ein ser gjerne ting i andre perspektiv enn arealplanleggarar frå Ås, arkitektar og ingeniørar.  

I 2010 skifta eg jobb til Plan Vest Bergen as. Dette er ein jobb som i hovudsak inneberer å utarbeide planforslag for private og offentlege partar. På same måte som geografiutdanninga famnar dette arbeidet breitt, då alle viktige samfunnskonsekvensar skal kastas lys over før ein gjer vedtak om utbygging/endring av eit areal.

Plan Vest Bergen er interessert i å delta /samarbeida med studentar og oppgåver der det kan vere fruktbart.  Ta gjerne kontakt dersom du har ein idé til samarbeid! http://planvest.no