Hjem
Institutt for geografi
Utdanning

Vil du studere geografi?

Geografi er studiet av menneske, samfunn, natur og miljø, og samanhengen mellom desse. Vi ser på samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv. Vil du bli geografistudent?

bachelorseremoni
Feltkurs er en viktig del av undervisningen i geografistudiet. Her er geografistudenter på feltkurs til Stavanger våren 2016 med GEO124 Regional utvikling.

Hovedinnhold

Korleis kan vår tids store utfordringar som klimaendringar, migrasjon, urbanisering og matproduksjon taklast på lokalt plan? Geografistudiet passar for deg som vil forstå desse komplekse utfordringane og få kompetanse til å finne løysingar. Geografifaget tar for seg sosiale, politiske, økonomiske, kulturelle og naturbestemte forhold i Norge og internasjonalt. Aktuelle tema i undervisninga er blant anna geofarar som flaum og skred, klimaendringar, vegetasjonsendringar, matsikkerhet, ressursforvaltning, næringsutvikling, regional utvikling og planlegging.

Feltkurs er ein spennende og viktig del av undervisninga gjennom geografistudiet. Dette gir eit godt praktisk tillegg til forelesingar,seminar og pensumbøkene. Gjennom feltkurs får du jobbe med aktuelle problemstillingar, du får erfaring med prosjektarbeid og kan teste ut teoriar på ekte problemstillingar.

GIS (Geografiske informasjonssystem) er eit viktig verktøy for å analysere romlege data, og blir brukt på fleire kurs. GIS-kunnskap blir etterspurt i mange stillingar som er aktuelle for geografar.

Bachelorprogram i geografi

Ein bachelorgrad i geografi gir deg innsikt i sentrale teoriar innanfor faget og du får også praktisk kompetanse som er relevant for arbeidslivet. Ein bachelorgrad har 180 studiepoeng fordelt på 3 år. På bachelorprogrammet i geografi studerer du i starten både samfunns- og naturgeografi før du spesialiserer deg i ei valt studieretning. Du har også eit år med frie studiepoeng som du kan bruke til å ta inn andre fag ved UiB eller reise på utveksling. Vi har mange utvekslingsavtaler med universiteter i heile verda, og du kan studere eit eller to semester i utlandet som del av graden din.

Årsstudium i geografi

Du kan også ta eit årsstudium i geografi. Merk at eit årsstudium ikkje fører til ein grad med eit vitnemål. Du får studierett i eit år og får karakterutskrift for avlagte eksamenar. Årstudiet passar best for deg som vil bruke geografi i ein annan grad eller få undervisningskompetanse i geografi med tanke på lærarutdanning.

Masterprogram i geografi

Etter fullført bachelorgrad i geografi kan bygge på med ein 2-åring mastergrad og søke opptak til masterprogrammet i geografi. Som masterstudent får du jobbe med ditt eige forskingsprosjekt. Du utviklar en prosjektskildring, samler inn data gjennom eit feltarbeid i inn- eller utland og skriv ei masteroppgave. I tillegg tar du teori- og metodekurs som er relevante for di studieretning. På masterprogrammet søker du direkte inn på valt studieretning:

Innhaldet i dei ulike programma i geografi

Her finn du informasjon om kva emne som inngår i studiet. Klikk på emnekoden for å få meir informasjon om dei ulike delane.

Bachelorprogram i geografi

1. semester

  • EXPHIL-SVEKS/EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum, seminar- eller eksamensmodell
    GEO100 Introduksjon til geografi: Globale utfordringar og lokale svar
    GEO110 Kartografi og tematiske kart

2. semester

3. semester

  • GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi
  • GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø
  • GEO131 Ressursforvaltning og global utvikling

4. semester

5. semester

Frie studiepoeng/utveksling. Anbefalt frie studiepoeng ved UiB:

  • GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis
  • GEO281 Miljøforvaltnig og planlegging

6.semester

Val av studieretning.

Naturgeografi:

  • GEO214 Statistikk og geografisk metode (Vår 2017: GEO204)
  • GEO213 Terrestriske klima- og miljøendringar (Vår 2017: GEO212)
  • GEO291 Naturgeografisk feltkurs

 Miljø- og landskapsgeografi:

  • GEO214 Statistikk og geografisk metode
  • GEO282 Kulturlandskapets geografi
  • GEO293 Miljøgeografisk feltkurs

Utviklingsgeografi:

  • GEO214 Statistikk og geografisk metode
  • GEO231 Teorier om migrasjon og utvikling
  • GEO292 Regionalgeografisk feltkurs

Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging:

  • GEO214 Statistikk og geografisk metode
  • GEO221 Globalisering og stedsutvikling
  • GEO292 Regionalgeografisk feltkurs

Du kan bytte plass på 4. og 6. semester etter hva som passer best.

Årsstudium i geografi

1. semester

  • GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi
  • GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø
  • GEO131 Ressursforvaltning og global utvikling

2. semester

Masterprogram i geografi

1.semester

To felleskurs for alle retningene:

  • GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografi
  • GEO310 Skrivekurs og prosjektskildring

Eit teorikurs for din studieretning:

Miljø- og landskapsgeografi

  • GEO328 Planlegging og samfunn
  • GEO329 Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging
  • GEO326 Geographical Perspectives on Food

Naturgeografi

  • GEO313 Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar

Utviklingsgeografi

  • GEO326 Geographical Perspectives on Food

Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

  • GEO326 Geographical Perspectives on Food
  • GEO328 Planlegging og samfunn

2. semester

Felles for alle retningane:

Teori- og metodekurs for di studieretning:

Miljø- og landskapsgeografi

  • GEO306 Metodar i samfunnsgeografi
  • GEO337 Kritiske perspektiv på miljø og utvikling

Naturgeografi

  • GEO314 Hydrologi og grunnvatn i naturlege og menneskepåverka miljø eller kurs på UNIS (Svalbard)
  • GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi

Utviklingsgeografi

  • GEO306 Metodar i samfunnsgeografi
  • GEO337 Kritiske perspektiv på miljø og utvikling

Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

  • GEO306 Metodar i samfunnsgeografi
  • GEO324 Geographies of the Green Economy

Feltarbeid

3 og 4. semester

  • GEO350 Masteroppgave i geografi
  • Innelveringsfrist er 15. mai i 4. semester