Hjem
Institutt for geografi
Undervising høstsemesteret 2018

Haustsemester 2018 ved Institutt for geografi

Velkommen til eit nytt semester til alle som skal studere geografi!

Geografistudentar på Fløyen
Geografistudentar på Fløyen.
Foto/ill.:
Grethe Meling

Studentweb er opna for registrering i haustsemetseret. Vi ynskjer alle velkomne til eit nytt semester. Her kjem ein oversikt over emne som blir undervist ved Institutt for geografi hausten 2018.

Emne på bachelornivå, geografi

  • GEO110 Kartografi og tematiske kart
    Del av første semester for studentar på bachelorprogram i geografi. Passar også som frie studiepoeng i andre program. Emnet er også forkunnskapskrav til GIS-kurset GEO215.

  • GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi
    Del av tredje semester for studentar på bachelorprogram i geografi og første semester i årsstudiet i geografi. Emnet passar også som frie studiepoeng i andre program.
  • GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis
    Anbefalt som frie studiepoeng i femte semester i bachelorprogram i geografi. Emnet er også ope for studentar frå andre program ved UiB med godkjent forkunnskapskrav. NB! Søknad om undervisning = registrere undervisningsmelding i Studentweb innan 24. august.

  • GEO217 Hydrologi, grunnvatn og geofarar
    Nytt emne. Anbefalt som frie studiepoeng i femte semester i bachelorprogram i geografi. Emnet er også ope for studentar frå andre program ved UiB med godkjent forkunnskapskrav. For studentar på geovitenskap er GEOV101, GEOV102 og GEOV110 godkjente forkunnskapskrav.
  • GEO281 Miljøforvaltning og planlegging
    Anbefalt som frie studiepoeng i femte semester i bachelorprogram i geografi eller som teoriemene for studieretning miljø- og landskapsgeografi. Emnet er også ope for studentar frå andre program ved UiB.

Emne på masternivå, geografi

  • GEO328 Planlegging og samfunn
    Valfritt emne for nye masterstudentar i geografi. Spesielt aktuelt for økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging.

Emne på masternivå, systemdynamikk

Emne i geografididaktikk

Etter- og videreutdanning