Hjem
Institutt for geografi
Masterprosjekt

Bygdeutvikling og entreprenørskap

Det starta med ei interesse for lokalsamfunn. No skriv geografistudent Hanne Dyrnes Nordø masteroppgåve om entreprenørskap i Stryn.

Fagre Stryn ein vinterdag, med utsikt over Strynselva og fjellet Skåla i...
Fagre Stryn ein vinterdag, med utsikt over Strynselva og fjellet Skåla i bakgrunnen.

- Eg kjem sjølv frå ein liten kommune, og er oppteken av næringsutvikling på mindre stader. I bachelorgraden var eg på feltkurs til Luster og skreiv feltrapport om innovasjon i bærproduksjon, noko som forsterka interessa for feltet, fortel Hanne.

 

Kva er det med Stryn?

Ho hadde lyst til å studera nokon som får det til innan bygdeutvikling, og fann Stryn på toppen av ein indeksbasert næringsanalyse for Sogn og Fjordande. Ho valte difor å ta utgangspunkt i Stryn, som i fleire samanhengar blir trekt fram som eit kreativt bygdesenter. Vidare fokuserer ho prosjektet på entreprenørskap som eit mål på positiv utvikling.

- Stryn er leiande i landet og i Norden på mange ulike felt frå tekstil og mat til avfallsservice, treningskonsept og ein ny måte å inspisera høgspentmaster med droner, fortel masterstudenten.

Ho nemner bedrifter som Moods of Norway, Riccovero, Skogstad, Strynetrappen, Miljøservice, BasisBall og Nordfjord Kjøtt.

Kvifor har så mange lukkast i her?  Har det noko med staden Stryn å gjera? Mykje av litteraturen om innovasjon og næringsutvikling tek utgangspunkt i byar. Er det andre motivasjonar som ligg til grunn for å starta opp på ein mindre stad?

For å finna ut av dette, tek Hanne utgangspunkt i fire ulike teoriar om stad og ser på korleis dei kan forklara entreprenørskap i Stryn. Er det noko med sjølve lokaliseringa med dei fysiske rammene staden har? Er det det til dømes noko med ressursgrunnlaget i Stryn som bidrar til utviklinga? Eller har det med staden som oppleving og identitet å gjera? Har staden ein kultur for entreprenørskap eller fungerer staden som eit globalt møtepunkt der det lokale blir sett i samanheng med eit nettverkt utanfor staden?

 

Feltarbeidet

Med gjennomtenkt teori og metode i bagasjen reiste Hanne to turar til Stryn på feltarbeid. På første turen var målet å orientera seg og få eit overblikk. Ho snakka med representantar frå kommunen og Næringshagen.

- Eg fekk den bakgrunnsinformasjonen eg trengte, mange gode innspel som eg brukte til å utvikla prosjektet og forslag til kven eg kunne kontakta vidare, seier Hanne.

I andre runde i felt hadde ho avtalar med ei rekke bedriftsleiarar og entreprenørar. Med utgangspunkt i ein samtale om Stryn var ho no ute etter informasjon om deira motivasjon for å starta opp i her. Kva såg dei på som fordelar og ulemper med Stryn?

Inntrykket etter feltarbeid er at dei er svært glade i heimstaden sin. Hanne hadde ei forventning før ho reiste i felt at det er noko med den fysiske staden som spelar inn.

- Eg opplevde at det handla meir om ein kultur for å stikka seg litt fram og prøva noko nytt. Fordelen med ei bygd er at ein kjenner kvarandre og bruk av lokale underleverandørar er viktig. Alle var klare på at dei alltid skulle ha hovudkontoret i Stryn, men nokre vurderte eit distriktskontor i Oslo, fortel Hanne.

 

Tøff start på masterstudiet

Hanne meiner det er ei bra oppfølging av masterstudentane på masterprogrammet i geografi og ho ser fordelen i at store delar av løpet er bygd opp om masteroppgåva. Men ho innrømmer at det var tøft i starten. Ho kom tilbake etter sommarferie og bachelorstudiet og vart kasta rett ut i det frå første veke og måtte presentera tema for masteropgåva i skrivekurset samtidig som kurset i vitskapsteori var eit tungt fag.

- Det var ein litt nådelaust start. Der og då kunne eg tenka meg at det ikkje var så intensivt. Men eg såg nytten av å bli sparka i gang med tema for oppgåva. Kurset om vitskapsteori skulle også visa seg å vera svært givande og praktisk i forhold til  masteroppgåva, sjølv om mange av studentane, inkludert meg sjølv, sat som spørsmålsteikn delar av kurset fordi det virka så abstrakt og krevde mykje av studentane, reflekterer Hanne om starten.

Kurset GEO328 Planlegging og samfunn, trekk Hanne fram som ei positiv og litt annleis erfaring. Dette kurset tek masterstudentane saman med folk som er i jobb og tar det som etter- og vidareutdanning. 

- Det var spennande forelesingar og interessante diskusjonar i møte mellom studentar og planleggarar i arbeid. Dei kom med sine erfaringar frå næringsliv og forvaltning, vi med våre bøker og teoriar, fortel Hanne.

 

Personleg utvikling

Siste året på master er ein ny kvardag for alle der sjølvdisiplin er viktig. Det kan vera einsamt og du kjenner deg veldig åleine om eit stort prosjekt som skal vara eit år.

- Det er krevande og tøft, men samtidig spennande å få gjera eit slikt individuelt prosjekt. Alle har vel sine tyngre periodar der du står fast. Då ramlar alt saman. I di eiga masterboble manglar du perspektiv utover ditt eige prosjekt, fortel Hanne.  

I masterprosjektet er rettleiaren ein viktig støttespelar. Det er godt å ha ein rettleiar som både dyttar deg vidare, og kan visa alternative vegar dersom du står fast.  Hanne har avtalte tider med sin rettleiar Arnt Fløysand etter at ho har levert eit kapittel.

- Dette året er ei personleg utvikling heile tida. Det å gjennomføra eit feltarbeid og skriva ei masteroppgåve er eit omfattande stykke arbeid med mykje nyttig erfaring på vegen. Den dagen eg er ferdig blir ein stor milepæl i livet, seier Hanne.