Hjem
Institutt for geografi
Studere geografi

Geografi er aktuelt, spennande og meiningsfullt

- Det beste med å vere geografistudent er at vi heile tida lærer om tema som er samfunnsaktuelle. Og geografistudentane er ein gjeng engasjerte menneske som vil lære nye ting, utvikle seg og vere med å bidra i ulike spørsmål som påverkar menneska på jorda.

Kristian og Marikken
Kristian Wilen Haaland og Marikken Wullf Wathne studerer geografi ved Universitetet i Bergen. Dei legg vekt på feltkursa som viktige og læringsrike delar av undervisninga på geografistudiet.
Foto/ill.:
Grethe Meling

Hovedinnhold

Det meiner Marikken Wullf Wathne og Kristian Wilen Haaland som sjølv studerer geografi ved Universitetet i Bergen (UiB).  Dei er einige om at det er breidda i geografifaget som gjer studiet så aktuelt og studentane så engasjerte.

- Ta klima som eit aktuelt tema. Vi lærer bitar om klima i dei ulike delane i geografistudiet. Vi ser på ting frå ulike sider. Og som bitar i eit puslespel, det heng saman, seier Marikken.

Kvifor geografi?

Marikken starta først på utviklingsstudiar ved UiB, der geografi var ein av retningane studentane kunne fordjupe seg i. Ho bestemte seg fort for å bytte til bachelorprogrammet i geografi.

- Alt på første forelesing i geografi forstod eg at dette var perfekt for meg! Det var kjempespennande å lære om landbruk og migrasjon, og særleg likte eg at geografifaget var opptatt av samanhengane mellom menneske, samfunn og natur, fortel ho.

Kristian brukte litt lenger tid på å finne geografi. I prosessen med å velge studium var han innom ulike karriereveger. Lista var lang og han prøvde blant anna å studere økonomi. Men interessa var ikkje der og det gjekk ut over motivasjonen.

- Eg begynte å leite etter noko eg kunne interessere meg meir for og då vart det geografi! Eg var mest tiltrekt av naturdelen av faget, av kart og det å vere ute i felt og sjå korleis ting verkeleg er. Og geografistudiet innfridde forventingane og meir til. Då eg var på feltkurs i Eidfjord om landformdannande prosessar, hugsar eg at eg tenkte: Yes! Det var dette eg ville!

Oljeindustri og vassdragsforvaltning

Dei er på ulike stader i studieløpet og har valt å spesialisere i ulike retningar. Marikken er masterstudent på første året og studerer økonomisk geografi. Ho skal skrive masteroppgåve om oljeindustrien i Stavanger og korleis oljearbeidarane sjølv ser på endringane som skjer i industrien. For å finne ut det skal ho på feltarbeid og intervjue oljearbeidarar og gjennomføre fokusgrupper.

- Val av tema heng saman med at eg er over gjennomsnittet interessert i klimaendringar. Eg gler meg veldig til feltarbeidet mitt, og lurer på kva eg vil få vite frå personane eg skal snakke med. Eg trur eg vil lære masse - frå før veit eg veldig lite om oljearbeidarar og oljeindustrien, seier ho.

Kristian går andre året på bachelorprogrammet og skal dette semesteret skrive bacheloroppgåve i miljø- og landskapsgeografi. Han skal også ut i felt for å studere eit spesielt tema gjennom GEO293 miljøgeografisk feltkurs til Rosendal. Han fortel om planane:

- Saman med ein medstudent skal eg sjå på om utbygginga av eit småkraftverk har påverka artssamansettinga og miljøtilstanden i elva. Vi skal registrere dagens situasjon i Hattebergfossen og i fossesprøytsona, som inneheld sjeldne naturtypar og rødlistearter. Det er ikkje blitt gjort undersøkingar av dette tidligare på denne staden, noko som gjer oppgåva ekstra spennende!

Menneska, samfunnet og naturen

Alle har ei oppfatning om kva geografi er, men den stemmer gjerne ikkje med korleis det er å studere geografi på universitetet. Korleis forklare kva geografistudiet er?

- Folk flest trur geografistudentar puggar hovudstadar og landegrenser. Det heile startar som regel med å avkrefte denne myten, seier Kristian.

Dei skildrar geografi som studiet av forholdet mellom oss menneske, samfunn og naturen. Marikken forklarer kva som ligg i det:

- Veldig mange naturlege fenomen påverkar korleis vi menneske organiserer samfunna våre, og korleis vi lever påverkar også naturen. Det er desse samanhengane vi geografar ser på, og det finns så mange av dei! No skriv eg om korleis endringar i måten vi bruker naturressursar påverkar menneske og stader. Medstudentane mine skriv blant anna om kvalitet på vatn og transportutvikling. Geografi rommar alt som er viktig!

Feltkurs er viktig

Når vi snakkar om geografistudiet må vi også snakke litt meir om feltkurs. Feltkursa står sentralt i undervisninga, og geografistudentane får slik testa ut teoriar og kunnskap frå auditorium, seminarrom og pensumbøker på ekte problemstillingar og stader.

- Det er på feltkursa eg verkeleg lærer noko. Det å få kome ut og sjå korleis ting er hjelper oss å forstå kva som skjer rundt oss. I felt føler du at du er med på noko viktig, noko meir enn å lese, seier Kristian.

- Ja, vi er med på å lage ny kunnskap, skyt Marikken inn.

Geografi er overalt!

Feltkursa er gjerne viktige for det gode miljøet blant geografistudentane. Dei blir godt kjende og jobbar mykje saman. Men det er også eit godt samhald på tvers av kulla.

- Vi har jo felles interesser og diskuterer mykje fag. Det er jo så mykje geografi overalt. Uansett kva som er tema, kan vi knytte det til fag, seier Marikken.

- Og det tverrfaglege i geografifaget gjer at vi ser samanhengar. Vi har ulike fokus men forstår kvarandre og deler kunnskap, seier Kristian.

- Dette gjer jo geografi så relevant akkurat no. Dei endringane som skjer no skjer jo ikkje innanfor eit fagfelt. Difor er det så viktig å ha eit tverrfagleg utgangspunkt, og det har geografi, seier Marikken, som i grunn ikkje forstår at det går an å studere noko anna i 2016.

For ho er det spesielt interessant å studere tema relatert til klimaendringane og det grøne skiftet.

- Bakgrunnen frå ulike retningar i geografistudiet har gitt meg ein styrke som eg vil bygge vidare på. I framtida vil eg gjerne jobbe med klimatilpassingar eller forske på dei effektane klimaendringane har på samfunna våre, seier ho.