Hjem
Det humanistiske fakultet
filosofi

50 år med Skirbekks filosofihistorie

Denne hausten kan ex.phil.-klassikaren feire 50 år, og Gunnar Skirbekk kan gle seg over at filosofihistoria hans er spreidd over halve verda.

Gunnar Skirbekk med den franske utgåva av Filosofihistorie
I år er det 50 år sidan læreboka Filosofihistorie kom ut for første gong. Boka ligg no føre på 18 språk, frå tadsjikisk og kinesisk til islandsk og fransk. Rundt rekna er boka seld i vel 200 000 eksemplar, om lag halvparten i utlandet og den andre halvparten her heime. Skirbekk her med den franske utgåva.
Foto/ill.:
Ingrid Endal

I tillegg til eksamensnervar og studielån har universitetsstudentar i Noreg ein ting til felles: examen philosophicum. Mange ex.phil.-studentar i Noreg har dessutan lese heile eller delar av boka Filosofihistorie – og slik har det vore i 50 år.

Vi har altså å gjere med ein 50-årsjubilant av ei lærebok, ei bok som er oppe i åtte opplag, og som stadig kjem i nye omsetjingar. Boka er trykt i over 100 000 eksemplar berre i Noreg og omsett til heile 17 språk, dei aller siste utgåvene på arabisk, serbisk og koreansk.

At ei bok har hatt ein sjølvsagt plass på pensumlister ved norske universitet i 50 år er ei bragd i seg sjølv, men at ho også er omsett til språk der filosofifaget har ein mykje sterkare posisjon enn i Noreg, som tysk og fransk, er imponerande.

Brev frå utlandet

Frå store delar av verda har studentar og lærarar som har nytta boka i undervisninga sendt Gunnar Skirbekk kommentarar på fax, helsingar i innboksen og overraskingar i postkassa. I den russiske utgåva av filosofihistoria skreiv han kontaktinformasjonen sin i forordet, noko som resulterte i lesarbrev frå Sibir til Armenia.

– Det har kome mange hyggelege brev opp gjennom åra, men også gåver. Frå ein 16-åring i Irkutsk fekk eg eit babusjka-termometer i posten, som takk for boka som hadde hjelpt han inn i filosofiens tankeverd, fortel den no pensjonerte filosofiprofessoren.

Det mest spesielle Skirbekk har opplevd var i 2001 då han fekk ein faks frå Usbekistan – like etter 9/11 og åtaket på Twin Tower – med spørsmål om å få omsetje boka til usbekisk. Svaret var ja, og boka blei omsett og utdelt på 63 høgare utdanningsinstitusjonar i landet, som eit bidrag til å demokratisere og modernisere samfunnet.

Jorda rundt på grunn av ex.phil.

Ei av Skirbekk sine forklaringar på bokas eksportsuksess, er at ho kombinerer det problemorienterte med det filosofihistoriske. At ein ikkje berre lærer om, men av filosofien.

– Vi tek argumenta på alvor og byrjar med spørsmåla, ikkje med svara. Samstundes legg vi vekt på å gjere stoffet relevant og aktuelt. Norsk filosofi har dessutan ein fot i både den kontinentale og den analytiske leiren, og denne breie profilen gjer nok at boka slo gjennom i land som Russland og Kina, fortel han.

– I tillegg tok vi med originale tekstar, slik at lesarane kunne sjå korleis filosofane faktisk skreiv.

Men det viktigaste av alt, trur Skirbekk, er at forfattarane av boka har lang erfaring med å undervise og framstille filosofifaget for unge menneske, og at boka dermed har fått eit likeframt og lettlest språk – slik det står i forordet til den danske utgåva.

– Skal du skrive lærebøker må du undervise dei som skal bruke boka, og du må skrive for dei det gjeld.

Til Bergen i 1962

Opphavet til boka var Gunnar Skirbekks notatar og manus til førelesingane han skulle halde på ex.phil. på 60-talet, då han kom til Bergen for å undervise i filosofihistorie. I 1970 laga han eit manuskript som vart publisert i stensilerte hefte. Studentane vart oppmoda om å kome med tilbakemeldingar, noko dei også gjorde.

– Studentane var veldig engasjerte den gongen, minnest han.

Manuset blei revidert og omarbeidd frå semester til semester, og i 1972 kom det ut som bok under namnet «Politisk filosofi». Skirbekk legg stor vekt på at det har vore eit samarbeidsprosjekt.

– Det har vore ein lang prosess, og heile tida i tett samarbeid med kollegaer etter kvart som boka vart teken i bruk både ved UiB og andre lærestader. Eg har fått mange nyttige merknader og gode råd på vegen. Det har vore eit kollektivt prosjekt, og i dei seinare utgåvene har fleire bidragsytarar kome med, fortel han.

Frå 1980 har boka heitt «Filosofihistorie», og midt på 80-talet kom filosofkollega Nils Gilje, som sjølv hadde hatt boka som student, inn som medforfattar.

Oppmodar til diskusjon

At Gunnar Skirbekk, så vel som boka, held seg godt, er det ikkje tvil om. Han blir stadig kjent igjen på gata, og det er ikkje uvanleg at han vert tilsnakka av tidlegare studentar, som det i løpet av åra har blitt tusenvis av.

«Du hadde meg på ex.phil. i 1964» kan han få høyre, og folk han møter på kafé tek gjerne initiativ til ein diskusjon. Noko han sjølv alltid oppmoda til som førelesar.

– Filosofi er ein sosialiseringsprosess. Gjennom den kan studentane lære å sjå ting på nye måtar. Det er ikkje nok at dei berre les og lyttar, dei må også snakke og skrive og samarbeide. Alle desse momenta må inngå i undervisninga. Det er då ein lærer av andre, ikkje berre om dei. Ein må få studentane inn i ein diskursiv modus, det er då det blir spanande, seier han.

Skirbekk meiner difor det er viktig at forelesarane er tilgjengelege for diskusjon også etter timen. Sjølv gjorde han seg tilgjengeleg døgnet rundt for studentane, rett nok var dette i hine hårde dagar, før mobiltelefonen. Han gjekk så langt som å seie «det er berre å ringe, men ringer de om natta får de korte svar».

Korleis forstå den moderne verda

Kva kan vi lære av filosofihistoria i dag? Eit grunnleggande punkt er at vi lærer om den moderne verda, meiner Skirbekk.

– Det moderne samfunnet blir meir og meir komplekst, samstundes som kunnskapen vår blir meir og meir spesialisert. Det er viktig å reflektere over ulike former for kunnskap, og vi må lære om ulike måtar å tenke på for å klare å forstå verda, seier han.

Han peikar på at eit moderne samfunn er basert på ulik fagleg ekspertise, der ein gjerne ser dei same fenomena ut frå ulike omgrep.

– Vi kan ta «moderne ekteskap» som døme. For å forstå kompleksiteten ved moderne ekteskapet treng vi ulike perspektiv; det juridiske, det psykologiske, det økonomiske og det sosialantropologiske. Vi ser ting ut frå eigne omgrep og eigen ståstad, vi ser stykkevis og delt. Derfor er det viktig å kjenne grensene for eigen kompetanse; ingen har «Guds auge». Å vite kva du kan, inneber å vite kva du ikkje kan, seier han.

– Kort sagt, for å skjønne moderniteten, er det nyttig å kjenne til dei danningsprosessane som førte oss dit. Og då har vi mykje å lære av filosofihistoria, i vid tyding.