Hjem
Det humanistiske fakultet
ÆRESDOKTOR VED UIB 2022

Humaniora får samfunn til å fungere

– Om vi ikkje utviklar humanistisk kunnskap, visnar både samfunna våre og vi ​​sjølve, seier Sverker Sörlin, professor i miljøhistorie og nyutnemnt æresdoktor ved UiB.

Sverker Sörlin
Sverker Sörlin er professor i miljøhistorie ved Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm. Sörlin er utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Bergen i 2022, føreslått av Det humanistiske fakultet og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Foto/ill.:
KarinTengby

Hovedinnhold

– Humanistisk kunnskap handlar om ting som held samfunn saman og som får dei til å fungere; språk, verdiar, moral, idear, kjensler, kultur, kunst, tenking, historie og mykje anna. Humaniora handlar om å forstå desse eigenskapane hjå samfunnet og oss sjølve.

Det seier Sverker Sörlin, professor i miljøhistorie ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm, og nyutnemnt æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

– Om vi ikkje utviklar humanistisk kunnskap, visnar samfunna våre – og til og med vi ​​sjølve, understrek han.

Sörlin er ein akademikar med eit svært breitt interessefelt, men som i første rekkje er kjenneteikna ved at han utforskar dagsaktuelle samfunnsutfordringar som miljø- og klimapolitikk i lys av humanistiske perspektiv.

Eit humaniora i endring

Sörlin påpeikar at humanistisk kunnskap lenge ikkje har vore rekna som særleg relevant i forhold til tunge samfunnsutfordringar, som helse, krig og klima, men at dette no er i ferd med å endre seg.

– Det finst i dag eit vaksande utfordringsdrive, eller i alle fall utfordringsmotivert, humaniora. Den er ofte tverrvitskapleg innretta og etablerer nye felt som eg kallar integrativ humaniora. Til dømes har vi, på engelsk; environmental humanities, digital humanities, energy humanities, climate humanities, tech humanities. Der ser vi ei rask utvikling.

– Dette skal ikkje vere det einaste humaniora gjer, men desse delane må vakse, meiner han.

Samarbeid er vegen å gå

For å knytte humaniora tettare til andre typar fagfelt ser Sörlin at integrativ humaniora er ein veg å gå, og at samarbeid innan desse områda gjerne kan strekke seg utanfor dei humanistiske disiplinane.

Ein annan måte er å skape prosjekt og program for forsking innanfor styrte område. Her meiner han at både universiteta og dei som finansierer forsking har viktige roller å spele.

Men det gjeld å ikkje gløyme utdanninga.

– Eg er svak for den amerikanske collegemodellen der ein innleier studia med brei basiskunnskap, ikkje minst innanfor liberal arts, for seinare å fordjupe seg innan til dømes profesjonsutdanningar i teknologi, medisin, juss etc. Det kan universiteta dels gjere sjølve, men det er også eit utdanningspolitisk spørsmål om det skal gjerast i større skala, seier han.

Like viktig synes han det er å skape spissa profesjonsutdanningar med base i humaniora.

– Ein del slike får gjerne vere tydeleg eliteinnretta. Vi treng meir av ein samfunnsrelevant humanistisk ekspertise, til dømes innanfor kultur, internasjonale relasjonar, miljø, offentleg administrasjon, i kombinasjon med språk, historie, filosofi, kunst, statsvitskap, antropologi og slik.

Eit deltakande humaniora

I boka Alltings mått slår Sörin og forfattarkollega Anders Ekström eit slag for «eit deltakande humaniora» – men kva ligg i det?

– Vi snakkar både om ei deltakande og ei «gjerande» humaniora. Tanken er at humaniora ser på seg sjølv som ei samfunnspåverkande og samfunnsforsterkande kraft, og ikkje berre eit skill set for den einskilde medborgar. Det gjer allereie mange av dei store profesjonane som ingeniørar, agronomar, juristar og andre.

I følgje Sörlin er det viktig at humanistar òg gjer det, først og fremst for at samfunnet treng kunnskapen deira. Men òg for at dei skal kunne styrke sin identitet. Først og fremst utad, men også innad. Det, meiner han, ville ha bygd profesjonell stoltheit og kjensle av meining. 

Korleis kan då humanistisk kunnskap synleggjerast betre?

– Det som styrkjer og utviklar humanistisk kunnskap gjer også humanistisk kunnskap meir synleg, og sikkert også meir verdsett og respektert, trur Sörlin.

Vidare meiner han humanistisk kunnskap også kan gjerast synleg gjennom økonomiske og politiske satsingar som dreg til seg merksemd.

– Universitetsleiingane er superviktige, særleg rektorane. Deira rolle er å forstå meininga med humaniora, seie det tydeleg, og vise det med eigne prioriteringar.