Hjem
Det humanistiske fakultet
Prosjekt

Studieporteføljen ved HF

Det humanistiske fakultetet har sett i gang eit arbeid med å vidareutvikle studieporteføljen.

En rekke studenter med regntøy og paraplyer
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB

Hovedinnhold

Har du innspel?

Alle tilsette og studentar ved fakultetet er velkomne til å gje sine innspel til arbeidsgruppa. Har du tankar, gode idear, spørsmål, forslag eller bekymringar?

Gje dine innspel via dette skjemaet.

Bakgrunn

Rekrutteringa til dei fleste av studieprogramma på HF har vore i nedgang over fleire år. Som resten av sektoren opplevde Det humanistiske fakultet ein oppgang i søkartal og studiepoengproduksjon under koronapandemien. I dei to etterfølgande åra har det derimot vore eit sterkt fall i søkartala til studia ved fakultetet, slik at dei i dag er på eit lågare nivå enn dei var før pandemien.

HF forvaltar ei stor fagleg breidde, men har strukturelle utfordringar knytt til studieporteføljen. Ei av utfordringane er det store omfanget studieprogram og -emne. Per i dag tilbyr HF i alt 64 studieprogram og over 700 emne. Eit slikt omfang er ikkje økonomisk berekraftig, og legg heller ikkje til rette ei god utnytting av undervisningsressursane.

Fakultetsstyret har vedteke å setje igang eit arbeid med å vidareutvikle studieporteføljen, og har sett ned ei arbeidsgruppe med mandat til å kome med framlegg til eit attraktivt studietilbod som rekrutterer sterkt og legg til rette for god gjennomføring.

Dette skjer i prosjektet

På siste møte i arbeidsgruppa var føremålet å sette tydelegare premiss for prosjektet, og ein blei einige om nokre problemstillingar.

Studieporteføljeprosjektet skal:

  • som utgangspunkt konsentrere seg om HF sine bachelorprogram
  • kome med tilrådingar til ei studieportefølje med tydlegare arbeidsrelevans
  • sikre berekraftig ressursbruk som vil innebere ei effektivisering av ressursbruken knytt til undervisning

Møte i arbeidsgruppa

16. februar
Instituttleiarane vart utfordra til å kommentere på eit utkast til ein ny BA-modell der spesialiseringa i programma startar i første semester, og at innføringsemna og ex.fac.-emne i dette semesteret vert erstatta av HF-generiske fellesemne seinare i løpet. Under diskusjonen kom det fram at det er ulike haldningar til kva funksjon emna i første semester har i programma. Det er på same tid klart at det arbeidast vidare med ein fleksibel modell som mogleggjer å utvikle fellesemne der fagmiljøa ser seg tente med dette. På møtet vart det òg lansert fleire utkast til fleksible modellar som kan ta arbeidet vidare. Synspunkta som kom fram på dette møtet vert følgt opp av arbeidsutvalet i prosjektet, som no mellom anna arbeider med å kartleggje synet på/funksjonen til innføringsemne og ex.fac.-emna. AU arbeider òg med å få kartlagt kva konkrete tankar om tverrfaglege fellesemne som finst i fagmiljøa, i tillegg til å kartleggje forslag om ressurssparande tiltak knytt til undervisningsporteføljen ved fakultetet.

26. januar (heildagsseminar)
I forkant av heildagssamlinga var det sendt ut ein del spørsmål som alle fagmiljø ved fakultetet fekk høve til å respondere på.

For det første vart dei spurde om korleis ein stiller seg til å erstatte delar av spesialiseringa i BA-programma med tematiske emnepakkar og/eller fellesemne på tvers av fagmiljø/institutt. Vidare vart dei spurde om korleis ein stiller seg til å erstatte delar av spesialiseringa i BA-programma med tematiske emnepakkar og/eller fellesemne på tvers av fagmiljø/institutt. Endeleg fekk fagmiljøa spørsmål om kva gevinstar og fallgruver ein ser ved å innføre obligatorisk utveksling som del av bachelorgrad ved HF. Den generelle haldninga i fagmiljøa var at ein var svært skeptisk til gjere grep som kan rokke ved omfanget av spesialiseringa i BA-programma. Det kom likevel fram at fleire fagmiljø alt er i gang med å utvikle fellesemne som kan inngå i ulike spesialiseringar. Fleire fagmiljø var òg positive til å samarbeide meir med andre. På det andre spørsmålet kom det først og fremst fram ei oppfatning av at studentane bør kunne få klarare tilrådingar i måten dei bruker dei frie studiepoenga sine på. Alle fagmiljø var avvisande til å gjere utveksling obligatorisk, men svært mange meinte òg at ein likevel burde arbeide for å få fleire studentar til å reise på utveksling.

Diskusjonen på heildagsseminaret var engasjert, og føregjekk både i grupper og i plenum. Ein fall ikkje ned på eintydige konklusjonar. Men det var semje om at det kan vera føremålstenleg å arbeide fram mot ein fleksibel modell for BA-programma ved fakultetet som legg til rette for at dei miljøa som vil arbeide fram tverrfaglege og felles emnepakkar har høve til det. Desse prinsippa skal ligge til grunn:

  1. Ex.phil. skal ligge i første semester
  2. Delar av spesialiseringa kan erstattast av tverrfaglege/felles emne
  3. Det må vere mogleg å reise på utveksling i programmet
  4. Modellen må ivareta at HF har årsstudium, og det skal vere mogleg å ta 60 studiepoeng i undervisningsfag
  5. Modellen må ivareta at det kan leggjast inn valfrie, tverrfaglege emnepakkar som del av frie studiepoeng

I etterkant av heildagssereminaret vart det bestemt at undervisningskoordinatorane ved institutt/senter går inn i arbeidsgruppa til prosjektet.

19. desember
Hovudtema for møtet var å sjekke inn med andre pågåande prosessar ved fakultetet som kan få konsekvens for Studieporteføljeprosjektet. Lingvistikkmiljøet presenterte sitt prosjekt om eit framtidsretta studium i digitale språkressursar. Formålet med prosjektet er ikkje bestemt – det kan kome ei rekke forslag som programstyra må ta stilling til, og studie-/emnetilbod kan vere retta mot alle nivå frå første semester til ph.d., eventuelt EVU-tilbod. Per no pågår det ei behovsanalyse blant alumnar, næringsliv og offentleg sektor om humanistisk utdanning og arbeidsrelevans.

Arbeidsgruppa vil få ein gjennomgang av eit studietilbod i filosofi, politikk og økonomi (FPØ) på eit seinare møte.

17. november
Arbeidsgruppa har jobba med å sette ein tydlegare kurs for prosjektet og har landa på nokre premiss. Ein slik premiss er at det vert tatt utgangspunkt i bachelorprogramma. Via arbeidsgruppa vert det no sendt ut ein del spørsmål som alle fagmiljøa ved fakultetet får moglegheit til å spele inn på. Arbeidsgruppa ønskjer å greie ut ei rekke moglegheiter for bachelorprogramma, før prosjektet kan tilrå endringar i eksisterande portefølje. Fagmiljøa sine innspel vil vere grunnlag for eit lengre møte i arbeidsgruppa i slutten av januar der ein vil arbeide vidare med konkrete forslag.

På novembermøtet blei det diskutert at det er behov for å definere kva som kan inngå i termen "arbeidsrelevans" og korleis dette kan jobbast fram i studieprogramma. Døme på HF-relatert arbeidsrelevans kan vere fellesemne i kulturminneforvaltning, digital humaniora, informasjonsarbeid, arkivarbeid, andre reine praksisemne etc. Arbeidsrelevans kan òg innebere måtar ein driv undervisning på.

Medan arbeidsgruppa ventar på innspel frå fagmiljøa, vil gruppa oppdatere seg på andre prosessar ved fakultetet med relevans for studieporteføljeprosjektet. Døme på slike prosessar er: modell D på lektorprogrammet, oppretting av FPØ, og LLE-prosjektet om framtidsretta studie med digitale språkressursar.

25. oktober
Gruppa jobba med første punkt i mandatet: Det skal identifiserast kva program det er særskilte utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring. Gruppa såg på talmateriale som handla om søknadstal, gjennomstrøyming og fråfall og studieprogrammigrasjon på alle HF sine bachelorprogram. Kva tendensar er særleg utfordrande, kva tendensar er særleg positive, og kva kan vere grunnane til utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring. Er det emne/tema/program som ser ut til å vere særleg populære, blant både HF-studentar og blant studentar utanfor program?  

12. september
Første møte i prosjektgruppa for studieporteføljeprosjektet. Den viktigaste saka var då å tolke mandatet og legge opp ein arbeidsplan. Rapporten frå forprosjektet er det sentrale utgangspunktet for jobben gruppa skal gjere. 

Heildagsseminar om UiB FRAM og studieporteføljen  |   oktober

Fagkoordinatorar, fagleg leiing, administrasjonssjefar og studieleiarar var samla til heildagsseminar for å diskutere og utveksle erfaringar knytt til UiB Fram og studieporteføljeprosjektet. Hovudtemaet for studieporteføljesamlinga var å diskutere «Kva er og bør ein kvalifikasjon frå eit HF-program vere». Gruppearbeid med engasjerte, kreative og konstruktive diskusjonar. Det å treffast på tvers av fag og institutt var verdifullt for både fag og fellesskap, og fakultetet vil arbeide for fleire slike møtepunkt.

grupparebeid
Foto/ill.:
UiB

Arbeidslivet har en litt annen diskurs enn den akademiske, og dere som skal ut i det vil oppdage at det er stor etterspørsel etter nettopp den kompetansen som HF-erene kan by på, når man bare får avkodet hva man skal kalle det man kan.

Sitat: alumn Oda Elisabeth Wiese Tvedt til dei ferske masterkandidatane ved HF i 2022

Resultat frå gruppearbeiet har følgande tilråingar til det vidare arbeidet i porteføljeprosjektet

  • Byggja bruer til arbeidslivet – fakultetet kan ha emne som er felles for alle fagmiljø og studieprogram
  • Danning, digital kompetanse og AI må med
  • Vi har dei modigaste studentane, strekket i studentlaget er ei utfordring, men kven skal tilpassa seg til kven?
  • Vi må finna eit språk og ei forteljing som er verksam i dag
  • Vi må hugse at vi jobbar med alle former for kommunikasjon, ikkje berre tekst, også visuelt

To plakater med skrift på
Foto/ill.:
UiB

Møte med referansegruppa   |   november

Arbeidsgruppa hadde møte med representantar i den eksterne referansegruppa 8. og 10. november. 

Desse spørsmåla var sendt ut på førehand og utgjorde bakteppet for samtalane: 

  • I kva grad treff studietilbodet vårt behov i samfunns og arbeidsliv?
  • Kva kvalifikasjonar/kompetansar er dei mest verdifulle som HF ar representerer i samfunns og arbeidsliv?
  • I kva grad kan slike kompetansar/kvalifikasjonar lesast ut av studieprogrampresentasjonane på nett?
  • Kva moglegheiter ser de i utviklinga av studieporteføljen vår?
  • Kva retning bør ei vidareutvikling av porteføljen ta?
  • Korleis bør vi ivareta tilhøvet mellom fagleg breidde og spissing?

Representantane i gruppa var tydelege på at HF-kompetanse er etterspurt i samfunnet. Samtalene gav mykje nyttig innsikt i korleis denne kompetansen kan bli brukt i arbeidsmarknaden i dag.

Eit utval innspel og refleksjonar: 

  • Attraktive studiar. Det er ein tendens at studentane vel studiar der dei får «valuta» for gode karakterar. Eit honours-program kan gjere det meir attraktivt for dei flinkaste studentane. Eigne forskarlinjer for særleg motiverte studentar? 

  • Kultur bygger samfunn – vi forvaltar og gir tilgang til historikken folk treng for å fungere i vårt samfunn. Kontrast til KI. 

  • Dagens samfunn. Informasjon kjem frå alle kantar. Handteringa av det = skills som kanskje HF er den beste på å lære oss.  

  • Ferdigheitene ein lærer må løftast fram. 21st century skills.  

  • Livslang læring. På HF lærer ein å lære, og å lære i fellesskap. Det er viktige eigenskapar i eit langt og endrande arbeidsliv. 

  • Fleksibel. HF gir kompetanse som gjer studentane fleksible. Det er ikkje ei instrumentell utdanning; ein lærer å sjå andre løysingar, ein ser ting med eit anna blikk. Kan jobbe med andre perspektiv.  

  • Generiske ferdigheiter. Få betre fram at ein får ferdigheiter som kan brukast innafor fleire samfunnområde. Overførbare ferdigheiter som er anvendelege innafor ulike sektorar.  

  • Språk. Verktøyet HF’arar har jobba med er språket. Språket er eit verktøy for formidling, forståing og analyse. Lærer å rasjonalisere språk: tydeleg, poengtret, presist 

  • Kulturforståing. Viktig for dei som vil jobbe internasjonalt. Språkstudiar er ikkje berre språklæring.  

  • Kontekst. I dagens samfunn er kontekstforståing viktig. Å evne å ikkje sjå alt i svart/kvitt.  

  • Generalist. At ein blir ein generalist er også ein fordel i arbeidslivet. Ein kan gjere mange forskjellige oppgåver i ulike jobbar.  

  • Kompetanse. Viktig å synleggjere for studentane kva ein kan som humaniorastudent. Også viktig å synleggjere dette for arbeidsgivarar. Og foreldrene.  

  • Praksis. Det er lurt for studentane å bygge praksis i løpet av studia. Viktig med praksisemne. Det er også bra for arbeidsgjevar å sjå at studenten har vore i praksis. Ein treng folk som også har praktisk metodikk inne, ikkje berre akademisk ballast. 

  • Kritisk tenking meir viktig på HF enn på resten av universitetet. Viktig å få fram dette.  

  • Tverrfaglig. Gi studentane betre hjelp med å velge dei frie studiepoenga for å gjere studia meir arbeidslivsrelevante, som for eksempel: Historie + økonomi. Lingvistikk + forvaltning. Gir to bein å stå på. Programnavn som «historie og kontekstforståing» kan gjere det lettare å forstå kva studiet inneber.  

Eg får ofte spørsmålet «har du fått bruk for den masteroppgåva di om Pål Brekkes lyrikk». Svaret er JA – det er noko av det smartaste eg har gjort, fordi det å bruke så mykje tid på å lese så vanskeleg tekst – det var veldig lurt. Det er det verktøyet eg har lært mest av.

Sitat: Ida Holen, Kommunikasjonsrådgjevar for Strawberry/Petter Stordalen

Mandat

Arbeidsgruppa skal setje i gang ein grundig gjennomgang av studieporteføljen ved HF, ut frå følgjande føresetnader:

  • Det skal identifiserast kva program det er særskilte utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring.
  • Program- og emneportefølje skal forenklast. Dette kan innebere nedlegging eller omorganisering av program.
  • Det skal arbeidast med tiltak for å styrkje kvalitet og gjennomføring i programma.
  • Det skal vurderast å opprette program med tverrfagleg profil og klar arbeidsrelevans. 
  • Arbeidsgruppa skal ta omsyn til pågåande og framtidige prosessar knytt til studieporteføljen ved fakultetet: Implementering av ny modell for lektorprogramma, arbeidet med å etablere eit FPØ-program og å utarbeide ein strategi for EVU-tilbodet ved HF.

Prosess

Fakultetet har arbeidd med å forankre dei pågåande prosessane i fagmiljøa sidan hausten 2022, då det vart gjennomført allmøte på alle institutt og einingar på fakultetet, i tillegg til eigne møte med alle fagkoordinatorar.

Hausten 2023 skal det òg arrangerast eit seminar der alle fagkoordinatorar ved fakultetet kan kome med innspel til prosessen, i tillegg til eit allmøte. Det vert gjeve løypemeldingar om framdrifta i prosjektet til fakultetstyret og studiestyret.

Denne nettsida vert òg oppdatert undervegs med informasjon om framdrifta i prosjektet. Alle tilsette ved fakultetet vert oppmoda om å kome med innspel undervegs i prosjektperioden.

Organisering

Prosjektet er organisert gjennom ei arbeidsgruppe, ei ekstern referansegruppe og eit internt arbeidsutval på fakultetet som står for den daglege drifta i prosjektet.

Arbeidsgruppe

  • Svein Ivar Angell, visedekan for utdanning (leiar)
  • Steinar Bøyum, instituttleiar, Institutt for filosofi og førstesemesterstudium
  • Anders Fagerjord, instituttleiar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
  • Kari Jegerstedt, senterleiar, Senter for kvinne- og kjønnsforsking
  • Martin Paulsen, instituttleiar, Institutt for framandspråk
  • Teemu Ryymin, instituttleiar, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
  • Rasmus T. Slaattelid, senterleiar, Senter for vitskapsteori
  • Hanne Svanholm Misje, rådgjevar ved studieseksjonen, HF
  • Unni Utvik, seniorrådgjevar, HF
  • Jan Jacob Hoffmann, studieleiar, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
  • Undervisningskoordinatorane ved institutt/senter
  • Studentrepresentantar

Arbeidsgruppa møtest ein gong i månaden.

Ekstern referansegruppe 

  • Sverker Sörlin, professor i miljøhistorie, Kungliga Tekniska Högskolan, Stockholm 
  • Johanna Gillow, byantikvar, Bergen kommune
  • Ida Holen, kommunikasjonsrådgjevar, Petter A. Stordalen   
  • Kjersti Rognes Solbu, lektor Fyllingsdalen vgs. 
  • Arnt Ola Fidjestøl, fylkesarkivar, Vestland fylkeskommune
  • Vidar Pedersen, underdirektør, Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
  • Kristin Werdelin Bergan, rådgjevar, Utenriksdepartementet

Internt arbeidsutval

  • Svein Ivar Angell, visedekan for utdanning
  • Hanne Svanholm Misje, rådgjevar ved studieseksjonen, HF
  • Unni Utvik, seniorrådgjevar, HF
  • Jan Jacob Hoffmann, studieleiar, AHKR

Arbeidsutvalet har møte kvar veke.