Hjem
Det humanistiske fakultet
Dekanvalg 2025

Team Brautaset

Plattform for Camilla Brautaset, Eivind Heldaas Seland og Heming Helland Gujord – kandidatar til val av dekanat ved Det humanistiske fakultet for perioden 2025-2029.

Portretter av Camilla Brautaset, Eivind Heldaas Seland og Heming Helland Gujord.
Camilla Brautaset og Eivind Heldaas Seland stiller til valg som dekan og prodekan, og peker på Heming Helland Gujord som visedekan.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Handlingsrom og fellesskap

Vi ber HF-fellesskapet om tillit til å leie fakultetet dei neste fire åra. Vår ambisjon er å vere offensive på fakultetet sine vegner, og å bidra med kontinuitet og stabilitet. HF-demokratiet har vedtatt ein strategi for perioden fram til 2030. Den strategien vil vere retningsgivande for arbeidet vårt.

Vi lever i ei tid der mykje er sett i spel. Kvar dag får vi påminningar om at verda er usikker fordi det slår direkte inn i vår eiga verksemd. Det kan handle om straumprisar som brått skyt i vêret, eller om studentar som ikkje lenger kan reise på utveksling på grunn av krig og uro. Det er ikkje humaniora som har skapt klimakrisa, men vi har eit medansvar for å løyse ei krise som angår oss alle. Det er heller ikkje humaniora som har skapt krig og konflikt i verda, men våre fagtradisjonar har klokskap og innsikter som også her kan føre verda i ei betre retning.

Fleire av våre fag har lang tradisjon for å møte ei verd i endring. Humanistisk kunnskap har den store styrken at den kan vere både tidlaus og dagsaktuell på same tid, og at den er viktig for både einskildmennesket og for samfunnet. Våre fag gir menneske innsikter til å forstå sin plass i verda. Våre fag er ein premiss for at nye innsikter kan kome fram gjennom kritisk tenking og meiningsbryting. Våre fag er avgjerande for at samfunn skal fungere, og framleis vere tufta på kunnskap og demokratiske verdiar.

Som dekanat vil vi arbeide for at HF framleis skal vere eit fyrtårn for humanistisk kunnskap. Det krev kollektiv innsats mot tilhøve vi kan påverke sjølve. Vi har sterk tru på at vi skal lykkast med å skape større handlingsrom gjennom vår fremste styrke – eit slagkraftig lag av engasjerte studentar, høgt kvalifiserte forskarar, dyktige undervisarar og ein svært kompetent administrasjon på alle nivå.

Presset som vi opplever mot vår sektor generelt og humanistiske fag spesielt, går ikkje over av seg sjølv. Vi må stå saman, ta grep, tilpasse oss der vi kan og endre oss der vi må. Når vi møter utfordringane saman, med blikket framover og med fagtradisjonen i ryggen, har vi også størst moglegheiter til å lykkast. Lykkast i å bidra til å løyse utfordringane vi alle står overfor, og lykkast i å trygge vår eiga verksemd. Vi vil ha handlingsrom for å kunne gjere ein forskjell, og for å kunne utvikle både fag og fakultet i møtet med ei verd i endring. Vi vil ha fellesskap fordi vi veit at HF berre kan lukkast i og som fellesskap.

Vår plattform bygger på kontinuitet i prosessar som fakultetsdemokratiet har vedtatt. Vår legitimitet som dekanat vil kvile på det demokratiske mandatet vi ber om. Vi vil leie fakultetet ut frå dette mandatet, og ut frå lojaliteten til studentar og tilsette. Vi skal fremme akademisk fridom og universitetsdemokratiet. Vi vil støtte våre forskarar og studentar sin akademiske ytringsfridom og hegne om fagområde og forsking som blir sett under ytre press.

Som dekanat vil vi styre gjennom opne, transparente prosessar og auke samarbeidet på tvers av fag og institutt. Vi vil styrke studentar og tilsette sitt eigarskap til fakultetet gjennom å utvikle det faglege, kollegiale og sosiale fellesskapet ved HF. Saman med nettopp dette store HF- fellesskapet vil vi skape eit enda sterkare og enda betre humanistisk fakultet.

Studentane i sentrum

Det humanistiske fakultet har i dag om lag 3500 studentar. Dei kjem til oss for å fordjupe seg i språk og litteratur, arkeologi og historie, filosofi og religion, teater og kunst, kjønnstematikk og kultur. Studentane blir trena i ferdigheiter som rustar dei for eit langt arbeidsliv der også dei vil møte vilkår som endrar seg. Studentane våre lykkast godt på arbeidsmarknaden. Mens søkartala for ein stor del er styrt av samfunnsutviklinga, kan vi sjølv medverke til at studentane våre trivast og lykkast. Å vere attraktiv handlar om at enda fleire studentar skal få lyst til å studere hos oss. Det handlar også om at enda fleire studentar skal trivast så godt at dei gjennomfører studieløpa sine. Slik sikrar vi plassen til humaniora i samfunnet og fakultetet sin posisjon på universitetet. I fakultetsstrategien står det at innan 2030 skal humanistisk utdanning ved UiB vere eit naturleg førsteval for kandidatar som ønsker å forme samfunnsutviklinga. Vi har tru på humaniora fordi verda treng humaniora. Men slik skaper vi også tryggleik for faga og dei tilsette på fakultetet.

Arbeidet med studieporteføljeprosjektet, nytt førstesemesteremne og nytt HF-kvartal står sentralt i plattforma vår. Det vil gi studentane ein klar veg gjennom bachelorgraden, ein god start på studiane og attraktive omgivnader å studere i. Samarbeid og små tiltak kan bere store frukter. Det ser vi av den tverrfaglege masteren i berekraft, men også når studentane tek i bruk dei nye fellesareala på HF-bygget. Fakultetet, LLE og IF kom saman som spleiselag for å finansiere denne oppgraderinga. Og studentane svarer ved å setje seg ned og gjere HF-bygget til eit meir levande bygg. Slik kan eit lite tiltak bidra til å skape læringskultur og fellesskap. Studentar som trivast, er studentar som blir verande og gjennomfører studia sine.

Vi vil:

  • Føre vidare dei beste verdiane i humanistisk forsking og undervisning.
  • Anerkjenne at studentmassen har endra seg og møte studentane på deira premissar slik at dei lykkast og opplever meistring.
  • Forsterke innsatsen med å møte nye studentar på ein betre måte gjennom studietilbodet og tiltak som «Humanistar les».
  • Sikre at studentane får forskingsbasert undervisning og får møte dei beste kreftene i forsking og undervisning heilt frå starten av studiet.
  • Leggje til rette for framtidsretta, etisk og forsvarleg bruk av KI i studiane gjennom opplæring, rettleiing og tydelege retningslinjer.
  • Styrke dialogen med Humanistisk Studentutval (HSU) og invitere HSU med på leiarmøte ein gong i månaden.
  • Skjerme studentfrivilligheita mot kutt.
  • Fremje ex.phil som signatur på kvalitet og identitet i alle utdanningsprogram ved UiB.
  • Fullføre, evaluere og vidareutvikle arbeidet med studieporteføljeprosjektet og nytt felles førstesemesteremne med vekt på attraktive og tydelege studieløp med klar arbeidslivsrelevans.
  • Arbeide for at BA-programmet i Filosofi, Politikk og Økonomi vert realisert.
  • Støtte etablering av fleire attraktive tverrfaglege studieprogram innanfor og på tvers av fakultetsgrensene.
  • Satse vidare på lektorutdanninga og UiB som lærarutdanningsinstitusjon.
  • Styrke kontaktflatene med skuleverket, kulturlivet og næringslivet på Vestlandet.
  • Vere offensive i møte med endra konjunkturar ved å utvikle attraktive tilbod til etter- og vidareutdanning (EVU) i tråd med den kommande handlingsplanen.

Kvalitet i forsking

Humanistisk forsking handlar om kva det inneber å vere menneske. Den formar korleis vi tenkjer, taler og handlar i eigne liv og i møte med andre. Humanistisk forsking utforskar, tek vare på og utfordrar identitet og kulturarv og legg slik grunnlag for mangfaldige, motstandsdyktige og berekraftige fellesskap. Fakultetet vårt skal vere leiande på humanistisk forsking og formidling i Norge. Den viktigaste ressursen er våre dyktige tilsette, med sitt mangfald av metodar, perspektiv, materiale, fagtradisjonar og bakgrunnar. Vi skal fortsetje å byggje og vidareutvikle framifrå fagmiljø med internasjonal gjennomslagskraft. Den beste måten å gjere dette på er gjennom å lære frå eigne tilsette og kollegaer andre stader som har lykkast i si forsking. Eksternfinansiering er ikkje er eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å rekruttere unge forskarar for å styrke eksisterande forskingsmiljø og byggje opp nye.

Vi vil:

  • Fremje kollektiv forskingskultur gjennom forskargrupper og fellesprosjekt.
  • Vidareutvikle arbeidet med å sikre samanhengende tid til forsking.
  • Bli enda betre på ekstern finansiering gjennom å styrke fagnær forskingsstøtte, søknadsskriving og nødvendig eigenfinansiering.
  • Samarbeide nasjonalt for å betre vilkåra for humanistisk forsking i Norge.

Forsking byggjer på data og kjeldemateriale, krev etisk og metodisk medvit og er ikkje ferdig før resultata er delte med forskarsamfunnet og ålmenta. Ved Det humanistiske fakultet har vi ambisjon om å publisere meir, utvikle høgare kvalitet og involvere enda fleire i løpande forskingsprosjekt.

Vi vil:

  • Satse vidare på eksisterande samlingar og ny forskingsinfrastruktur i HF-regi og i samarbeid med Universitetsbiblioteket, Universitetsmuseet og andre partnarar.
  • Vidareføre satsinga på digital humaniora på tvers av fakultetet.
  • Leggje til rette for konstruktiv, etisk og forsvarleg bruk av KI i forsking gjennom opplæring, rettleiing og rådgivande retningslinjer.
  • Følgje opp den kommande publiseringsstrategien for HF, med vekt på open tilgang og blikk for humanistisk publiseringstradisjon og norsk fagspråk.
  • Forvalte det nasjonale ansvaret for norsk språk gjennom styrka samarbeid med Universitetsbiblioteket og bidra til gode rammer for ordboksarbeidet og det nye Fagspråksenteret.
  • Løfte fram innhaldet og relevansen av humanistisk forsking i kommunikasjonen frå fakultetet og støtte formidling av resultat frå forskarane våre.

Forskarrekruttane er framtida vår og står for ein viktig del av nyskapinga ved fakultetet. Støtte og framdrift er avgjerande for at forskarutdanninga skal gi grunnlag for vidare karriere innan forsking eller i anna verksemd.

Vi vil:

  • Gjennomgå organiseringa av PhD-løpet med sikte på å integrere universitetspedagogisk utdanning i det karrierefremjande arbeidet og tilby eksternfinansierte PhD-stipendiatar tilsvarande vilkår som dei internfinansierte.
  • Styrke opplæringsdelen og det karrierefremjande arbeidet for å auke arbeidslivsrelevansen innanfor og utanfor akademia.
  • Utvikle samarbeidet med Stip.-HF om gode fagleg-sosiale møteplassar.
  • Knyte rekrutteringsmidlar til aktive forskargrupper og forskingsmiljø.

Internasjonalisering i utdanning og forsking

Internasjonalisering er eit verkemiddel for å oppnå faglege ambisjonar og mål. Men internasjonalisering har også stor verdi i seg sjølv fordi det medverkar til å utvide dei akademiske fellesskapa vi må og har interesse av å vere deltakarar i. Internasjonale perspektiv skal kjenneteikne alle utdanningar ved HF. Våre tilsette og studentar skal ha tilgang på internasjonale nettverk, arenaer og finansiering.

Vi vil:

  • Sikre og støtte attraktive utvekslingsavtalar innanfor og utanfor ERASMUS-ordninga for studentar, PhD-kandidatar, vitskapelege og administrativt tilsette.
  • Vidareutvikle samarbeidet med internasjonale partnarar, og arbeide for nye strategiske partnarskap.
  • Utvikle det internasjonale samarbeidet under høg etisk beredskap med vekt på akademisk fridom også for våre internasjonale samarbeidspartnarar.

Handlingsrom

HF har vore tidleg ute med å tilpasse seg nye vilkår i sektoren. Få andre fakultet har større potensial for å skape eige handlingsrom. Dei siste åra har ein gjort fleire viktige grep og utvikla verktøy for å utnytte potensialet gjennom studieporteføljeprosjektet, ein ny budsjettmodell og eigen handlingsplan for å sikre samanhengande tid til forsking. Samla sett har desse grepa gitt HF tid og moglegheit til omstilling sjølv om tidene er usikre og prega av ytre faktorar i form av statlege kutt, dyrtid og sviktande inntekter.

Bemanningsplanen og den nye småfagordninga gjer det mogleg å planleggje for framtida. Vi går til val på å vidareføre og vidareutvikle arbeidet med å tryggje fakultetsøkonomien på både kort og lengre sikt. Dei krevjande økonomiske tidene pålegg oss alle eit ansvar for å styre og styrke fellesøkonomien. Slik skaper vi tryggleik for arbeidsplassane. Gjennom god drift vil vi skape oss handlingsrom som førebyggjer handlingstvang på lengre sikt.

Vi må sjølvsagt påverke rammevilkåra våre, men vi må også spele med og ikkje mot dei rammevilkåra som styrer verksemda vår. Slik kan vi slå ring rundt både fag og folk på HF. Vi kjenner rammevilkåra svært godt, og vi vil bruke kunnskapen til det beste for heile HF.

Vi vil:

  • Føre ein økonomisk politikk innanfor tydelege rammer som tryggjar verksemda og på sikt skaper eit større fagleg-strategisk handlingsrom.
  • Vidareføre politikken med å prioritere faste lønnsforpliktingar vi allereie har, før vi tek på oss nye forpliktingar.
  • Halde fast ved og vidareutvikle bemanningsplanen som verktøy for å gjere dei viktigaste faglege investeringane ved fakultetet.
  • Arbeide for større fleksibilitet og fagleg samarbeid internt og mellom institutta.

HF-fellesskapet

Studentar og tilsette, midlertidige og faste, administrative og faglege – vi er alle avgjerande for at vi skal lykkast som fakultet. Eit velfungerande HF-fellesskap fordrar kombinasjonen av kontinuitet og strategisk utvikling. Vi skal vere eit ope dekanat tufta på dialog og medverknad. Vi vil bruke ressursane målbevisst for å realisere faglege ambisjonar, løfte humaniora – og kvarandre.

Vi vil:

  • Dyrke samarbeidet med vernelinja, og arbeide systematisk for eit godt og velfungerande arbeidsmiljø.
  • Forplikte oss på å vere eit berekraftig og miljøbevisst fakultet.
  • Fortsetje arbeidet for å realisere HF-kvartalet og samle heile fakultetet under same tak.
  • Utnytte infrastrukturen i det nye HF-kvartalet til å styrke fellesskapet og samarbeidet på tvers av institutt og senter.
  • Prioritere areal som er felles arbeidsplass for studentar og tilsette særleg høgt.
  • Vidareutvikle arbeidet med å gjere viktig informasjon endå meir tilgjengeleg for studentar og tilsette.
  • Fortsetje arbeidet med å styrke fellesskapet og gi erfaringsutveksling på tvers gjennom møteplassar som den årlege HF-dagen.
  • Arbeide for auka fleksibilitet og fagleg samarbeid mellom institutta og sentra, og den faglege spisskompetansen ved Senter for Framifrå Forsking, ordboksarbeidet og Fagspråksenteret.
  • Samarbeide med interne kompetansemiljø om å utvikle parallellspråklege møteplassar for å inkludere nye tilsette, tryggje god kommunikasjon og utvikle HF-demokratiet som eit internasjonalt fellesskap.