Hjem
Det humanistiske fakultet
Lesekafé

Humanistar les Eikemo på kafé

Kvar tysdag formiddag 25. august –27. september er nye HF-studentar inviterte til å lese bok saman på studentpuben Ad fontes. I år er det Marit Eikemo si bok «Vi er brødrene Eikemo» som alle nye studentar får delt ut gratis. Den kan hentast på Infosenteret på Sydneshaugen skule.

Bilde av bokomslag og forfatter Eikemo.
Boka «Vi er brødrene Eikemo» blir delt ut gratis til alle nye HF-studentar.
Foto/ill.:
Laila Mjøs/Agnete Brun

Hovedinnhold

For å markere starten på eit tilvære som humaniorastudent, inviterer Det humanistiske fakultet kvart år alle nye studentar til ei felles leseoppleving, til å lese ei bok saman med andre. Boka Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo blir i år difor delt ut gratis til nye HF-studentar. Den får du på Infosenteret på Sydneshaugen skule.

Kvar tysdag er det lesekafé på studentpuben Ad fontes der du kan lese Eikemo si bok og prate med andre. Klokka 13 er det kaffe og bollar å få.

Boka til Eikemo handlar om hennar eigen familie – om far hennar og dei ville brørne hans, og deira liv i Odda. Dei voks opp i eit hus på fire etasjar, som seinare vart Marit Eikemo sin barndomsheim. Boka er ei humoristisk kjærleikshistorie om huset, familien og plassen Odda, og alt som har forsvunne på vegen til det moderne samfunnet vi kjenner i dag.

Humanistar les-logo med UiB-ugle
Foto/ill.:
UiB