Humanistar les Eikemo på kafé
Kvar tysdag fram til 23. september er nye HF-studentar inviterte til å lese bok saman på studentpuben Ad fontes. I år er det Marit Eikemo si bok «Vi er brødrene Eikemo» som alle nye studentar får delt ut gratis. Den kan hentast på Infosenteret på Sydneshaugen skule.
Hovedinnhold
For å markere starten på eit tilvære som humaniorastudent, inviterer Det humanistiske fakultet kvart år alle nye studentar til ei felles leseoppleving, til å lese ei bok saman med andre. Boka Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo blir i år difor delt ut gratis til nye HF-studentar. Den får du på Infosenteret på Sydneshaugen skule.
Kvar tysdag kl. 13 er det lesekafé på studentpuben Ad fontes der du kan lese Eikemo si bok og prate med andre. Det blir også kaffe og bollar å få.
Boka til Eikemo handlar om hennar eigen familie – om far hennar og dei ville brørne hans, og deira liv i Odda. Dei voks opp i eit hus på fire etasjar, som seinare vart Marit Eikemo sin barndomsheim. Boka er ei humoristisk kjærleikshistorie om huset, familien og plassen Odda, og alt som har forsvunne på vegen til det moderne samfunnet vi kjenner i dag.