Hjem
Det humanistiske fakultet
Nytt fakultetsstyre

Nytt fakultetsstyre i startgropa

I ærverdige Tårnsalen, på toppen av Universitetsmuseet, vart det nye fakultetsstyret ved HF samla til oppstartseminar før fire år med viktige beslutningar. For nye styremedlemmar er det mykje å sette seg inn i før det fyrste styremøtet går av stabelen.

Bilde av fakultetsstyret samlet i Tårnsalen i Universitetsmuseet.
Camilla Brautaset held ei orientering for det nye styret på seminaret i Tårnsalen. Tårnsalen er bygd etter modell frå det britiske Underhuset. I nesten hundre år vart salen brukt som lager, før den blei åpna for publikum att i 2019.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Våren 2025 var det val på medlemmar til fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet, og i september var det nye styret samla for fyrste gang. Mange som vart vald inn har inga erfaring frå fakultetsstyret, mens andre har vore med før. For dei som er heilt ferske, er det mykje informasjon å forhalda seg til.

I fakutetsstyret skal det sitte representantar for dei ulike gruppene av tilsette ved fakultetet – elleve medlemmar i alt. Seks medlemmar skal vere vitskaplege tilsette, inkludert dekan og styreleiar Camilla Brautaset og ein ekstern medlem. Ein medlem skal vere frå dei midlertidige vitskaplege, ein frå dei teknisk/administrative og tre skal vere studentar. Inkludert vararepresentantar teller styret 27 medlemmar. Nokre sit i fire år, men midlertidige og studentar veljast kvart år.

For å lette oppstarten og forberede medlemmane på styremøte med tøffe prioriteringar og viktige avgjerder, blir det kvart år heldt eit oppstartseminar. Der går ein gjennom fleire sider ved styrearbeidet – som dei formelle reglane som gjeld for styrer ved UiB, korleis styremøta blir gjennomførte, økonomien ved HF og kva som gjeld for tilsettingssaker.

I tillegg heldt dekanen ei orientering om kva som er status for fakultetet og planane framover, og fakultetsdirektøren snakka om rolla ein har som fakultetsstyremedlem.

For litteraturprofessor Christine Hamm, fersk i fakultetsstyret i haust, var seminaret ei nyttig oppleving. Ho har vore innom ulike verv før, men ikkje styrearbeid på dette nivået.

– Seminaret var veldig nyttig. Også det sosiale var det fint å få med seg – å helse på dei andre og bli kjent med resten av fakultetsstyret.

– Korleis opplevde du innhaldet i seminaret?

– Eg synes spesielt at det var nyttig og viktig å få ein munnleg orientering om personal- og tilsettingssaker, og om økonomien – og ikkje berre få papir med regelverk eller grafar. Det var også veldig fint å få høyre erfaringar fra tidlegare styremedlemmar, om kva for tabbar ein ikkje skal gjere!

Og så var det viktig å bli minna om kva for ein rolle ein har i styret - at ein representerer ei gruppe og ikkje eit institutt. Også bakgrunnskunnskap om fakultetet var nyttig. 

– Var det noko du sakna i seminaret?

– Nei, ikkje eigentleg. Rekkefølga kunne kanskje ha vore annleis. HR kunne komme tidlegare og fått meir tid.

Kjenner du deg vel forberedt til styrearbeidet nå?

– Ja, absolutt. Og eg gler meg til fire år i fakultetsstyret. Ikkje minst fordi humaniora er så viktig, og i dag stadig må forsvarast mot haldningar om at faga våre ikkje er «matnyttige». Mange har for eksempel ei førestilling om at språk kan overlatast til kunstig intelligens, men språk er jo ein føresetnad for at vi kan tenkje i det heile tatt, og kan ikkje overlatast til maskiner.