Praktisk forskningsetikk
Eit ph.d.-kurs om praktisk forskningsetikk for ph.d.-kandidatar i humanistiske fag. Kurset er særeg eigna for kandidatar som arbeider innan arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. l
Hovedinnhold
- Kva juridiske og etiske normer må eg ta omsyn til når eg planlegg, gjennomfører og publiserer doktorgradsforskinga mi?
- Korleis kan eg samhandle på ein ansvarleg måte med samtalepartnarar, forskingsdeltakarar og interessentar, særleg i politiserte kontekstar eller i prosjekt som involverer sårbare grupper?
- Kva rettar har historiske subjekt, og kva etiske utfordringar oppstår når ein forskar på materialitet og ikkje-menneskelege aktørar?
Dette kurset i anvend forskingsetikk er laga for ph.d.-kandidatar i humaniora, særleg dei som arbeider innan arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Kurset gir ei tilgjengeleg oversikt over norsk lovverk og etiske retningslinjer, og skaper rom for diskusjon og refleksjon kring korleis ein kan nærme seg etiske dilemma i eiga forsking.
Vi vil ta opp konkrete etiske spørsmål og retningslinjer som er relevante for deltakarane (til dømes forsking på menneskelege leivningar, etniske minoritetar eller internettdata), samt utfordringar knytte til å drive forsking i andre land med andre normer og lover. Ein sentral del av kurset er diskusjon om forskaren sitt ansvar og rolle i arbeid med informantar og kulturelle uttrykk, både i fortid og notid.
Vi legg særleg vekt på dei sosiale, kulturelle og religiøse kontekstane for forsking, og dei etiske utfordringane desse reiser. Vi ser også på spørsmål om å samle inn, lagre og handtere forskingsmateriale på ein ansvarleg måte, og drøftar etiske sider ved akademisk skriving og publisering, inkludert bruk av KI-verktøy, plagiat og medforfattarskap.
Obligatoriske aktivitetar:
- Levere eit refleksjonsnotat om forskingsetiske problemstillingar i doktorgradsprosjektet (om lag 500 ord)
- Gi munnleg tilbakemelding på presentasjonane til to andre ph.d.-kandidatar
Vurderingsform:
- Munnleg presentasjon av forskingsetiske problemstillingar i doktorgradsprosjektet (15 minutt), etterfølgd av ein diskusjon
Meir informasjon finst i kursomtalen. Dersom du har spørsmål om programmet og innhaldet, kan du kontakte kurskoordinator Henriette Hanky.