Hjem
Det humanistiske fakultet
studietilbod

Vil du studere humanistiske fag?

Språk og litteratur, arkeologi og historie, filosofi og religion, teater, kunst og kultur er hovudområde for dei humanistiske utdanningane.

Bildemosaikk studier

Hovedinnhold

Er du nysgjerrig på verda rundt deg og opptatt av livets store spørsmål?

Kanskje du ønskjer å bli skikkeleg god i eit språk, samtidig som du blir kjent med ein ny kultur? Vil du fordjupe deg i filosofi, kunsthistorie, litteratur-, eller teatervitskap, eller forstå betre korleis vi menneske brukar digitale medium? Er du interessert i fortida og menneska før oss, kan fag som arkeologi og historie vere noko for deg.

Humanistar er eksklusive

Mange av dei utfordringene samfunnet står ovanfor i dag krev humanistisk kompetanse. Det fleirkulturelle Noreg og eit globalt næringsliv treng kunnskap om språk, historie, kommunikasjon, og om andre tradisjonar og tankesett.

Fordelen med ei utdanning som ikkje er retta mot eitt spesielt yrke, er at ho gir stor fleksibilitet i ein skiftende arbeidsmarknad. Som HF-student blir du god til å tenke kritisk, å lese og analysere ulike typar tekstar, skrive, argumentere og formidle.

Det er vanleg å finne humanistar i stillingar som prosjektleiar, redaktør, kommunikasjonsrådgivar, konsulent, journalist, tekstforfattar, kulturformidlar, lærar, og mykje anna.

Alle verksemder har behov for ein tilsett som forstår kompleksiteten i tida vi lever i, kva for mekanismar som styrer utviklinga og kva som skal til for å formidle eit bodskap. Undersøkingar viser at norske bedrifter taper kontraktar og mister sal på grunn av manglande språkkompetanse og kulturforståing.

Studietilbod