Hjem

Det humanistiske fakultet

Ludvig Holberg

Dronningar fekk Holberg i praktutgåve

Danmark var ikkje Danmark om ikkje Noreg var til. Og omvendt.

Overrekkelse av praktverk av Holberg til den danske og norske dronningen
Hennar Majestet Dronning Margrethe II og HM Dronning Sonja mottok ei utsmykka utgåve av «Dannemarks og Noregs Geistlige og Verdslige Staat», overrekt av Holbergforskar Eiliv Vinje under ein høgtideleg seremoni på Schæffergården i København laurdag 24. mai.
Foto:
Kristian Ridder-Nielsen

Dronningane av Danmark og Noreg fekk laurdag overrekt ei praktutgåve av Ludvig Holbergs «Dannemarks og Noregs Geistlige og Verdslige Staat», ei omfattande kulturhistorisk beskriving av Danmark-Noreg på Holbergs tid, der han skildrar landets tilstand i mange fasettar – politisk, sosialt, økonomisk, kulturelt og akademisk.

I over 4oo hundre år var Danmark og Noreg samla i eitt rike under same konge, men sjølv om det er 200 år sidan landa skilde lag, fortset fellesskapet på mange område og pregar landa den dag i dag.

– Meir enn nokon annan personifiserer Ludvig Holberg den dansk-norske fellestida. Han var den leiande forfattaren den gongen, og også i dag står hans store og omfattande forfattarskap sentralt i begge lands litteratur, seier forskar Eiliv Vinje ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Det var Vinje som fekk æra av å overrekke eit eksemplar av verket til den danske dronninga under ein seremoni som feirar dette fellesskapet, på Schæffergården i København. Han er norsk hovedredaktør for Ludvig Holbergs Skrifter som praktboka er ein del av.

Holberg tilgjengeleg for alle

– Ei samla kommentert utgåve av Holbergs verk har lenge vore eit sakn. Den gamle som finst yt ikkje den hjelp til forståinga som dagens lesarar har bruk for i form av innleiingar, kommentarar og ordforklaringar. Difor har vi saman med Det Danske Sprog- og Litteraturselskab gått i gang med prosjektet, som først og fremst er eit digitalt prosjekt, fortel han.

Prosjektet byrjar å ta form og går ut på å digitalisere Holbergs samla forfattarskap og legge tekstane hans til rette for allmenta og for forsking. Den vil vere open og gratis tilgjengeleg på nettet.

– Holberg er nok mest kjend for komediane sine, men han skreiv også mykje anna, som moralfilosofiske refleksjonar, fablar, epigram, ein sjølvbiografi og verssatirar. Men aller størst i omfang var dei mange historiske verka han skreiv. Det er denne delen, sakprosadelen, vi arbeider med her ved UiB, medan danskane tek seg av fiksjonslitteraturen, fortel Vinje.

Den digitale utgåva vil innehalde alle tekstar skrive av Holberg, tekstkritisk gjennomgått og kommentert. Ved sidan av tekstane kan ein sjå faksimilar av førsteutgåvene. Rettingar vert oppført i eit noteapparat, slik at ein kan etterprøve det som er gjort med tekstane.

– Tekstane får kommentarar og introduksjonar som skal hjelpa lesarane å forstå tydinga og setje tekstane inn i ein breiare litteratur- og idéhistorisk samanheng. Holberg sin ortografi var svært utflytande, han kunne skrive same ordet på ulike måtar i ei og same setning. Det har å gjere med at ortografien ikkje hadde festa seg så godt på den tida. Holberg har også mange utydelege referansar som treng forklaring for at folk skal skjøne kva det handlar om, forklarar Vinje.

Ei viktig side ved digitalutgåva er søkefunksjonen. Den gjer det mogleg å finne raskt fram både i Holbergs tekstar og i kommentarmaterialet. Ein kan også slå opp ord og formuleringar i Holberg-ordboka som det er lenke til i visninga.

Samarbeid på mange plan

– Prosjektet er eit genuint spleiselag med mange bidragsytarar, både fagleg men også på det økonomiske planet. Holbergs forfattarskap er delt mellom oss ved UiB og vår samarbeidspartnar, Det danske Sprog- og Litteraturselskab i to nokon lunde like store delar, og vi samarbeider tett etter felles retningslinjer for tekstutgiving og kommentar.

Etablering og utvikling av den digitale plattforma har fram til nå blitt ivaretatt av Uni Computing, ei avdeling ved Uni Research i Bergen. Universitetsbiblioteket i Bergen og Det Kongelige Bibliotek i København leverer digitale faksimiler av kvar einaste side i Holbergs førsteutgåver.

I desse dagar blir den daglege drifta av flytta til Universitetsbiblioteket i Bergen, til  ei ny avdeling for digitale system og tenester, som skal ha ansvar teknisk drift og vedlikehald. Dette skjer som ein del av eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket ved UiB og Det Kongelige Bibliotek i København.

Ein forskars draum

– Poenget med den digitale versjonen er altså ikkje berre å kunne lese Holberg på skjerm, men alle dei moglegheitene som digitaliseringa av verket gir – søkemoglegheitene, at ein finn informasjon om alt som er skrive og at ein kan handtere store mengder informasjon på kort tid. Ein kan arbeide vidare med tekstane og samstundes ha originalsidene tilgjengeleg. Det er ein forskars draum.

– Vi er takksame for at våre dronningar vil ta imot denne gåva. På denne måten kastar dei lys over det arbeidet me gjer, seier Vinje.