Hjem

Det humanistiske fakultet

Pris for unge forskarar i humanistiske fag

Prisen er ei utmerking for unge forskartalent innan humaniora.

Pris for unge forskarar i humanistiske fag 2017
PRISVINNAR: Helen F. Leslie-Jacobsen, postdoktor i mellomalderfilologi, fekk prisen for unge forskarar i humanistiske fag 2017. Prodekan for forsking, Anne Beate Maurseth, stod for utdelinga.
Foto:
Sigbjørn Løland Torpe

Prisen er ei utmerking for unge forskertalent innan humaniora. Den skal tildelast for framifrå vitskapleg arbeid utført av ein forskar ved Det humanistiske fakultet som er 34 år eller yngre i tildelingsåret. Prisen vert tildelt av Forskings- og forskarutdanningsutvalet ved Det humanistiske fakultet.

Ved tildelinga vert det lagt vekt på at kandidaten har oppnådd viktige nye forskingsresultat og har vist sikker meistring av vitenskapleg metode, samt sjølvstende og evne til nytenking i sitt fag.

I vurderinga av foreslåtte kandidatar vil det bli lagt vekt på nyare forskingsbidrag, fortrinnsvis slike som er publisert eller bedømt det føregåande år, eller som i det føregåande år har fått særleg vitskapleg anerkjenning.

Forslag til kandidater kan fremjast av alle fast tilsette i vitskaplege stillingar ved Det humanistiske fakultet. Forslaga skal innehalde ein omtale av kandidaten, ei grunngjeving av forslaget samt CV og publikasjonsliste.

Prisen utgjer eit beløp på 25.000 kroner, som skal brukast til fagleg vidareutvikling.

Prisen vart delt ut for første gong i 2016.

Prisvinnarar

2017: Helen F. Leslie-Jacobsen
2016: Ole Hjortland