Hjem
Institutt for informatikk
Nyhet

ERC Advanced Grant til Fedor Fomin

I dag har Fedor Fomin blitt ein av få forskarar i Noreg med to ERC Advanced Grants. No skal han jobbe for betre, raskare og meir nøyaktige algoritmar.

Neste
Dekan Gunn Mangerud, Fedor Fomin med blomster, og Fredrik Manne.
Foto/ill.:
Randi Heggernes Eilertsen, UiB
1/3
Fedor Fomin giving speech with flowers
Foto/ill.:
Randi Heggernes Eilertsen, UiB
2/3
Feiring med blomster
Foto/ill.:
Randi Heggernes Eilertsen, UiB
3/3
Tilbake

Hovedinnhold

Fedor Fomin er ein av tre norske forskarar som ble tildelt den prestisjetunge femårige finansieringa frå EU i år. I det nye prosjektet, «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC), skal han forske på parametrisk kompleksitet. Målet er å revolusjonere korleis datamaskiner løyser oppgåver som omhandlar geometriske og algebraiske objekter som punkter, vektorer, linære rom eller matriser.

Les også: "Sjølv etter årevis med forsking veit du ofte ikkje kvar du endar opp."

«Eg håper dette prosjektet kan bevege feltet vidare frå såkalla klassisk "worst case-analysis"», seier Fomin.

«Mange algoritmar som er teoretisk sett vanskelege, fungerer faktisk veldig godt i praksis. Forhåpentligvis vil vi utvikle ei betre forståing av slike problem, og forbetre korleis disse algoritmene presterer.»

Eit ERC Advanced Grant er ei stor prestasjon i seg sjølve, men Fedor Fomin er den tredje forskaren i Noreg til å få denne utdelinga to gongar. Den første gongen var frå 2011 til 2016, då han fekk 2,2 millionar euro til å forske på heuristiske algoritmar til utbetring av datasett. Den nye delinga er på 2,5 millionar euro.

Fakultetskollega Martino Marisaldi fekk også ei tildeling på 3,5 millionar euro til å forske på korleis lyn oppstår.

Stort for både individ og gruppe

Det blei naturleg nok feiring på Institutt for informatikk når nyheita blei offentleggjort.

I tillegg til kake og boblar, var også dekan Gunn Mangerud klar med gratulasjonstale.

«Dei fleste ERC Advanced utdelingane går til forskingsgrupper og miljø som allereie er svært sterke, som for eksempel algoritmegruppa. Vi veit også frå erfaring at dei ikkje berre er viktige for forskarane sjølv, men også for kollegaene rundt,» seier Mangerud.

«På vegne av fakultetet vil eg sei at vi er svært stolte av deg og dine kollegaer!»

Fomin har i mange år utmerka seg i sitt felt. The European Association for Theoretical Computer Science (EATCS) utnemnde han til fellow i 2019 for hans fundamentale bidrag innan parametrisert kompleksitet og eksponentielle algoritmar. I 2023 utnemnde også The Association for Computing Machinery (ACM) han til fellow.