Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Opptak ved MN-fakultetet

Ansattstudierett ved MN-fakultetet

Tilsette ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet som ønsker å ta eit eller fleire emne ved UiB kan søke om tilsettstudierett.

Hovedinnhold

Tilsette ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og tilknytta organisasjonar kan søke om å få ta emne, med etterhald om ledig plass på emnet, og at søkar oppfyller krav om generell studiekompetanse med realfagkrav og eventuelle forkunnskapskrav til emnet.

Samtykke frå arbeidsgjevar

For at studieretten skal bli innvilga må søkar laste opp samtykke frå arbeidsgjevar/nærmaste leiar som stadfestar:

  • namn på arbeidsplass
  • at søkar er tilsett på arbeidsplassen
  • at arbeidsgjevar/nærmaste leiar er kjent med og anbefaler søkar sine studieplanar
  • signatur frå leiar

Det er ikkje mogleg å sende inn det digitale søknadsskjemaet utan at dette samtykke er lasta opp.

Behandling av søknad

Dersom du ikkje har vore registrert som student ved UiB tidlegare, må du legge ved dokumentasjon på at du har generell studiekompetanse og at du fyller realfagskrav.
Denne dokumentasjonen kan vere vitnemål frå vidaregåande skule og/eller vitnemål frå høgare utdanning.

Dokumentasjonen må vise at du dekkar eventuelle forkunnskapskrav i emna du søkjer på.

Søknaden vert behandla fortløpande og du får svar på e-post når søknaden er behandla. Studierett blir tildelt for eit semester om gongen.