Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Gyldig fråvær på eksamen ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Kva gjer du om du vert sjuk eller har anna gyldig fråvær på eksamen? Her finn du og informasjon om korleis du får registrert dette og kan melde deg til vurdering på nytt.

Hovedinnhold

UiB har innført eigenmelding ved gyldig fråvær på eksamen, jf. Midlertidig forskrift om tillegg til forskrift 16. februar 2012 nr. 872 om opptak, studier, vurdering og grader ved UiB.

Ordninga er forlenga ut vårsemesteret 2021.

 

Kva gjer du om du blir sjuk ved eksamen?

Tregongersregelen inneber at ein berre får tre forsøk på eit emne. Generelt er det derfor viktig å trekkje seg frå emnet om ein ikkje skal ta eksamen.
Dersom du vert sjuk eller har anna gyldig fråvær på eksamensdagen, skal ikkje det telje som eit eksamensforsøk. Våren og hausten 2020 kan du sende eigenmelding for å melde frå, du treng ikkje dokumentasjon frå lege eller anna offentlig myndigheit.

 

Slik melder du frå

Fyll ut nettskjema:

Du treng ikkje å laste opp dokumentasjon på fråværet, uavhengig av fråværsgrunn.

 

Frist for å melde frå

Frist for å sende inn skjema er ei veke etter eksamensdatoen. Hvis du ikkje held fristen, blir det registrert som et teljande forsøk (sjå § 6-8 om tregangersregelen).

 

 

Gyldig fråvær

Andre fråværsgrunnar skal dokumenterast som beskrive i § 6.10.2 – 6.10.3 i UiBs studieforskrift. Sjå elles fana «reglement» under.

Omstende som gir gyldig fråvær ved dokumentasjon er:

  • eigen sjukdom og barn(a) til studenten sin sjukdom
  • dødsfall i nær familie eller hos andre ein har eit nært forhold til
  • gravferd eller bisettjing
  • pålegg frå offentleg myndigheit som er til hinder for å møte til eksamen
  • anna som gjer det sterkt urimeleg å krevje at ein skal gjennomføre ei vurdering (sjå Forskrift om opptak mv. ved UiB, § 6.10).

Ved dødsfall, gravferd eller bisetting krevast ikkje dokumentasjon ut over relasjon og namnet på personen.

Skal du ta eksamen på nytt?

Vi skil mellom tidleg eksamen og ny eksamen («sjukeeksamen»).

Dei aller fleste emna ved fakultetet har ordinær eksamen kvart semester. Unntaket er emne som har uregelmessig undervising. 

Emne med undervisning både haust og vår: 
Har ordinær eksamen på slutten av begge semester.
Alle med godkjende og gyldige obligatoriske aktivitetar kan melde seg til ny vurdering i slutten av semesteret på studentweb innanfor rammene til tregongersregelen.
Tidleg eksamen i starten av semesteret her er berre for dei med gyldig fråvær som søkjer om å ta denne ("sjukeeksamen").
Dette gjeld i undervisningsåret 2020/21 for emna: KJEM110, MAT111 og INF100 

Emne med fast undervisning enten haust eller vår:
Har berre ordinær eksamen.
I semester med undervisning er det ordinær eksamen i slutten av semesteret, i semester utan undervisning er det ordinær eksamen i starten av semesteret.
Ein melder seg då til ny vurdering på studentweb (tidleg eksamen) – under føresetnad at obligatoriske aktivitetar er godkjende og gyldige og at ikkje alle tre forsøka på eksamen er brukt.

Emne med uregelmessig undervisning:
Kontakt instituttet som underviser i emnet for spørsmål om du må søkje om å ta eksamen på nytt.

 

Utsett frist av oppgåveinnlevering

Om du grunna sjukdom ikkje kan levere inn ei obligatorisk oppgåve, ta kontakt med instituttet som er ansvarleg for emnet. Dette finn du under "Administrativt ansvarleg" på emnet si webside.
Nokre emne kunngjer i tillegg denne organiseringa på Mitt UiB.

Det vil då bli formidla eventuelt krav om dokumentasjon og utsett frist for oppgaveinnlevering.

 

Obligatorisk aktivitet og oppmøte

Om du grunna sjukdom/karantene ikkje kan møte til obligatoriske aktivitetar, ta kontakt med instituttet som er ansvarleg for emnet. Dette finn du under "Administrativt ansvarleg" på emnet si webside.
Nokre emne kunngjer i tillegg denne organiseringa på Mitt UiB.

Det vil då bli formidle eventuelt krav om dokumentasjon og alternativ aktivitet der dette går.

 

Sjukdom i samband med masteroppgåva

Våren 2021 - Fyll ut nettskjema: Skjema - Eigenmelding ved gyldig fråvær på eksamen (bokmål / engelsk)

Eigne reglar gjeld for sjukdom i samband med masteroppgåva. Ta kontakt med instituttet du tilhøyrer og sjå regelsamlinga.

 

Reglement

Studiereglement ved UiB

Eksamensreglement ved MN-fakultetet (.pdf)

§ 6.10.1 Definisjon av gyldig fravær

(1) Hvis en student avbryter en vurdering etter at fristen for å annullere vurderingsmeldingen etter § 6.7 er gått ut, ansees følgende forhold som gyldig fravær:
a) egen sykdom og barns sykdom, med de begrensningene som går fram av arbeidsmiljøloven § 12-9
b) dødsfall i nær familie eller hos andre studenten har et nært forhold til, dersom dødsfallet skjer innen to uker før eksamen, se § 6.6
c) begravelse eller bisettelse, jf. foregående punkt
d) pålegg fra offentlig myndighet om at studenten plikter å møte fram et annet sted når vurderingen finner sted
e) forhold som gjør det sterkt urimelig å kreve at studenten gjennomfører en vurdering 

§ 6.10.2 Krav til dokumentasjon av gyldig fravær

(1) Sykdom skal dokumenteres med attest fra lege eller annen fagkyndig person.
(2) Attesten må dokumentere at studenten av helsemessige årsaker ikke har kunnet gjennomføre den aktuelle vurderingen og at den gjelder for følgende tidspunkt/tidsrom:
a) dato for den aktuelle skriftlig eller muntlige skoleeksamen
b) første eksamensdag ved flere eksamensdager
c) fristen for innlevering av semesteroppgave eller tilsvarende
d) dato for utlevering av hjemmeeksamensoppgave
e) fristen for siste innlevering ved mappelevering eller annen form vurdering gjennom store deler av undervisningsperioden
I tillegg må legeattest ved avbrudd av skriftlig skoleeksamen være utstedt på den aktuelle eksamensdag.
3) Ved dødsfall, begravelse eller bisettelse må studenten oppgi hvem som er gått bort og hvilken relasjon studenten hadde til avdøde. For øvrig kreves ikke dokumentasjon.
4) Andre forhold som regnes som gyldig fravær må dokumenteres.