Hjem

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Nyheter

Nytt prosjekt skal kjempe mot underernæring

Småfisk har eit enormt potensiale i kampen mot å utrydde svolt. Eit tverrfagleg prosjekt ved Universitetet i Bergen og partneruniversitet i fleire land får no ti millionar kroner til eit prosjekt direkte knytt til tre av FN sine berekraftsmål.

Jeppe Kolding (UiB), Shakuntala Thilsted (WorldFish) og Ragnhild Overå (UiB).
SMÅFISK MOT SVOLT: Jeppe Kolding (UiB), Shakuntala Thilsted (WorldFish) og Ragnhild Overå (UiB) er nokre av nøkkelpersonane i prosjektet SmallFishFood, som vil at fiske i småskala skal på den internasjonale agendaen i kampen mot svolt og underernæring.

– Småfisk er reine vitaminbomber og inneheld også mikronæringsstoff, seier Jeppe Kolding, professor ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB). Han spesialiserer seg på fiskeri i småskala i utviklingsland.

Professoren er koordinator for forskingssamarbeidet SmallFishFood, som får ti millionar kroner (eller 1 million Euro) gjennom eit Leap-Agri-stipend. Forskingsteamet tek utgangspunkt i at næringsstoffa i fisk kan spele ei viktig rolle i kamp mot svolt, sjukdommar og mangel på mikronæringsstoff. Målet er at småfisk skal løftast høgt opp på den internasjonale agendaen i kampen for mat-tryggleik.  

Småfisk viktig for berekraft

Kolding understrekar at prosjektet vil bidra til tre av Dei Sameinte Nasjonane (FN) sine berekraftsmål: SDG2 (Svolt), SDG3 (Helse) og SDG14 (Havliv).

– Å fange småfisk, som vert tørka og konsumert heile, er den mest effektive, økovenlege og næringsrike måten å nytte marine ressursar på, seier Kolding.

Han seier at forskinga vil få store positive konsekvensar.

– Å løyse ut det fulle potensialet i produksjon av småskalafisk for å skape betre ernæring vil ha ei positiv global effekt, særleg med tanke på å løyse berekraftsmåla.

Tverrfagleg og internasjonalt

Forskarar frå UiB og University of Ghana speler nøkkelroller i det nye forskingsprosjektet, som også inkluderer medlemmer frå Nederland, Tyskland Uganda og Kenya. Konsortiet er tverrfagleg, frå UiB er forskarar frå både Institutt for geografi og Institutt for biovitskap viktige deltakarar. Professor Ragnhild Overå ved Institutt for geografi har ei sentral rolle i SmallFishFood. 

Gjennom prosjektet skal forskarane sjå på ei heil næringskjede gjennom fire samarbeidande forskarteam. Dei skal studere sjølve fisket, nærings- og mattryggleik, styresett samt foredling og sal, alt knytt til småfisk.