Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

– Noreg kan bli verdas første nullutsleppsland

I samband med Klimatoppmøtet i Polen bed klimaforskar Tore Furevik regjeringa tenkje nytt og stort. Havvind er eit av fortrinna som kan gjere Noreg til eit nullutsleppssamfunn – og skape eit nytt industrieventyr.

Flytande havvind
SATS PÅ HAVVIND: Noreg har sjansen til å verte ein pioner innan flytande havvind, meiner klimaforskar Tore Furevik.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Målet for Parisavtalen vedtatt i 2015 er å halde temperaturauken fram mot 2100 godt under 2 grader celsius, og ned mot 1,5 grader. Dette er rekna ut frå før-industrielt nivå. Sidan verda allereie er blitt 1 grad varmare, har me ikkje mykje å gå på. Om utsleppa av klimagassar ikkje går ned, vert 1,5 grader passert rundt 2040 og 2 grader eit par tiår seinare.

Leiaren for Bjerknessenteret for klimaforsking og klimadirektør ved Universitetet i Bergen, Tore Furevik, skildrar Parisavtalen som heilt eineståande. For første gong fekk verda ein avtale som alle land slutta seg til, som var bygd på nasjonale lovnadar om utsleppskutt, og som hadde i seg ei målsetning om ytterlegare innstrammingar kvar femte år.

–  Noreg har lova å kutta 40 prosent av sine CO2-utslepp innan 2030. Men trass i alle gode intensjonar og festtalar, er me ei klimasinke. Medan våre naboland, og så godt som alle land i Europa og resten av verdas industriland, har hatt betydelege reduksjonar i utsleppa sidan 1990, har dei auka hos oss, seier Furevik.

Ufatteleg med leiteaktivitet

Hovudårsaka til denne auken er vår store olje- og gass-sektor, forklarar Furevik. Utsleppa frå sektoren har nesten dobla seg sidan 1990. Med tanke på framtida meiner han det er kritikkverdig at det vert ført ein politikk som stimulerer til meir leiteaktivitet.

– For meg er dette nesten ikkje til å fatte. Skal målsetningane i Parisavtalen nås, må utsleppa raskt gå mot null. Klimaet tåler ikkje at me hentar opp meir olje og gass enn det som allereie er under produksjon. Og kanskje vil heller ikkje velferdsstaten vår tåle det.

Furevik påpeiker at leiterefusjonsordninga og reglar for fråtrekk på skatt gjer at staten dekker nær 80 prosent av leite-kostnadane.

– Kor lenge vil me ha kjøparar til norsk olje og gass, i eit Europa som er på full fart inn i fornybarsamfunnet? Og kor stor er omdømerisikoen? Når kjem dei første søksmåla frå land eller statar råka av øydeleggjande klimaendringar?

Føreslår storsatsing på havvind

Han oppmodar regjeringa og Noreg til å tenkja nytt. Og stort. Noreg har nærast uendelege ressursar like utafor stovedøra. Ressursar som aldri tar slutt, og som aldri vil forureine.

– Kva med ein "leiterefusjonsordning" for storstilt norsk utbygging av havvind i staden for olje og gass? Det gir nye, grøne arbeidsplassar  og store mengder rein energi tett på marknadane i Europa. Me har verdsleiande industri på offshore installasjonar. Me har infrastruktur i Nordsjøen og på land som kan nyttast. Me er også verdsleiande innan nullutsleppsteknologi.  Snart vil all installasjon og all vedlikehald kunne gjerast utsleppsfritt.

Klare for klimatoppmøte

I dei to første vekene av desember samlar Dei sameinte nasjonane (FN) alle medlemslanda sine i Polen for å lage køyrereglar for gjennomføringa av Parisavtalen og planlegge fram mot at avtalen trer i kraft i 2020 og alle land skal oppgradere sine klimamål. Årets klimatoppmøte, eller COP24 som det vert kalla, er ein test på om medlemslanda meiner alvor med Parisavtalen, meiner Tore Furevik.

–  Kva landa seier og gjer i Katowice, vil vera avgjerande for klimaarbeidet i åra som kjem. Me har inga tid å miste, seier han.

På klimatoppmøtet i Polen står Bjerknessenteret saman med Utanriksdepartementet og University of the South Pacific bak Noreg sitt offisielle side-arrangement. Klimaendringane, og effektane dei har på havet, påverkar miljø, økonomi og politikk i mange land, og står sentralt i FN sine bærekraftsmål nummer 13 og 14.  Gjennom foredrag og samtalar vil ein belyse korleis klima, hav og samfunn endrar seg i Arktis og i Stillehavet, og sjå etter parallellar og samanhengar.