Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

Opnar senter for havvind i Bergen

Bergen Offshore Wind Centre vart offisielt opna torsdag 13. september. For Universitetet i Bergen er dette eit stort samfunnsoppdrag, seier universitetet sin energidirektør.

Dudgeon Offshore wind
NY NÆRING FOR NOREG: Vindkraft kan verte ei stor næring for landet. Bergen Offshore Wind Centre skal bidra med forsking og kunnskap.
Foto/ill.:
Ole Jørgen Bratland

Hovedinnhold

Havvindenergi er straum frå vindturbinar til sjøs. Området er i stor vekst i Europa og Asia. No opnar Bergen Offshore Wind Center (BOW) ved Universitetet i Bergen (UiB). Senteret samlar all kompetansen UiB har på havvind.

– UiB har bygd opp infrastrukturen og kompetansen dei siste åra, og meir skal det bli, seier UiB sin energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa.

UiB har forska på havvind sidan 2009, og har vore ein sentral partner i NORCOWE.

Senteret vart offisielt opna på NORCOWE sin Science meets Industry i Universitetsaulaen. 

Bindeledd mellom forsking og næring

Både politikarar og næringa trur BOW vil spela ei viktig rolle i utviklinga av flytande havvind. 

– Det er viktig at akademia melder seg på det som skjer innan offshore wind. Me treng deira kunnskap inn i samarbeidet med myndigheitene og næringslivet, det er då me kan realisert dei gode prosjekta og at utviklinga går endå raskare, seier Liv Kari Eskeland. 

Ho sit på Stortinget for Høgre og er medlem av Energi- og miljøkomitéen. 

Jan-Fredrik Stadaas forventar at BOW skal arbeida tett med industrien. Stadaas er Corporate Strategy Manager i Equinor. 

– Det er viktig at dei har ein ekstern orientering. Dei må følgje med på den raske utviklinga som skjer på feltet, og vere bindeleddet mellom forskingsmiljøa og næringa som driv med dette. BOW må vere i dialog med industrien og sjå kva som trengst.  

Prorektor ved UiB, Margareth Hagen, stor for den offisielle opninga av senteret. Prorektoren peika på UiB sitt engasjement i berekraftsmåla, og kva rolle det nye senteret vil spele. 

– UiB har ei viktig rolle å spele når det gjeld utvikling av flytande havvind, og vi aukar forskingsinnsatsen vår på feltet. Ei tverrfagleg tilnærming er essensielt for oss, og det er BOW eit godt døme på, sa Hagen. 

Stort potensiale

BOW skal koordinere og styrke forskinga og utdanninga på havvind. Senteret får tre hovudområde:

  • Vindressursar
  • Vindparkplassering
  • Drift av vindparkar

Det økonomiske potensialet i havvind er stort. Til dømes ser Equinor nærare på å byggje eit norsk havvindsprosjekt til fem milliardar kroner. Målet er å gjere straumforsyninga til oljefelta Gullfaks og Snorre meir miljøvenleg.

I slike samanhengar er kunnskapen forskarane i BOW har viktig for næringslivet, meiner energidirektøren. Ein har gode relasjonar til næringslivet, og har alt samarbeid med til dømes GCE Subsea og Equinor.

Ei ny norsk næring

I 2018 er forskarar frå Geofysisk institutt, Institutt for informatikk, Matematisk institutt, Institutt for fysikk og teknologi samt Det juridiske fakultetet deltakarar i senteret.

Finn Gunnar Nielsen vert den faglege leiaren i forskingssenteret. Nielsen er ein av pionerane bak prosjektet HywindDemo, opna av Statoil i 2009. No er han professor ved Geofysisk institutt ved UiB.

Nielsen meiner at BOW vil samle og forsterke kompetanse ved UiB som er relevant for havvindenergi.

–Det vil i neste omgang også styrke undervisninga på feltet og vil styrke samarbeidet regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Til saman meiner vi dette vil vere eit viktig bidrag til at Noreg og norsk industri kan byggje ei stor næring innan havvind, meiner professoren.

Senteret vil skapa tverrfaglege samarbeid, til dømes mellom dei samfunnsvitskaplege og dei juridiske faga i tillegg til dei naturvitskaplege.

– Målet er at me saman skal få på plass fleire større forskingsprosjekt, seier Guldbrandsen Frøysa. Ho nemner at UiB og CMR skal gjennomføra ein stor vindmålekampanje for Equinor. Kampanjen startar i slutten av september 2018 og skal vara i eit år.

Eit vidare perspektiv

Både energidirektøren og Nielsen meiner det er viktig å synleggjere den kunnskapen og kompetansen UiB sit på, både internt og eksternt, for å lukkast med senteret.

– Så må vi kanskje ta eit løft for å vise korleis ein kan bruke denne kompetansen. Då er ikkje publikasjonar tilstrekkeleg. Vi må ta grep saman med dei eksterne aktørane. Dessutan må dei enkelte spesialistane evne å sjå heilskapen og setje sitt eige spesialfelt inn i et vidare perspektiv, seier Nielsen.

Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Helge K. Dahle, meiner senteret er eit viktig ledd i UiB sitt satsingsområde Klima- og energiomstilling.

– Eg er sikker på at Bergen Offshore Wind Centre vert eit viktig virkemiddel for å vise at UiB meiner alvor med satsinga på energiomstilling. Det vil også være sentralt i etableringen av Energi- og teknologiklynga, skriv dekanen i sin blogg.