Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Abelprisen 2019

Prisvinnar i Bergen

Abelprisvinnar Karen Uhlenbeck besøkte Bergen og løyste oppgåver med 200 skuleelevar i Botanisk Hage. Abelprisen gjer at ho kjenner eit stort ansvar.

Karen Uhlenbeck i Labyrinten i Botanisk hage
ABELPRISVINNAR: Den amerikanske matematikaren Karen Uhlenbeck møtte både fagfeller og nyfikne elevar då ho besøkte Botanisk Hage i Bergen. Her er ho i Arkimedes' labyrint, designa av Hans Munthe-Kaas, matematikar ved UiB og leiar for Abel-komitéen.
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB

Hovedinnhold

Botanisk Hage på Milde var fylt med 200 elevar frå grunnskulen, lærarar, matematikarar og ein Abelprisvinnar torsdag 23. mai. Karen Uhlenbeck er den første kvinna som får Abel-prisen "for hennes nybrottsarbeid innen geometriske partielle differensialligninger, gaugeteori og integrerbare systemer, og for den fundamentale innflytelsen av hennes arbeid innen analyse, geometri og matematisk fysikk."

Prisen vart delt ut av H.M. Kong Harald V i Oslo på tysdag, og torsdag kom Uhlenbeck til Bergen for å halda Abel-førelesinga her. Besøket starta meir uformelt på Milde.

Karen Uhlenbeck, Abelprisvinnar i Bergen

Arkimedes' labyrint og utforskinga av den vart streama på storskjerm.

Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Abelprisen vert delt ut kvart år til internasjonale forskarar som har utmerka seg innan matematikk. Statuttane framhever at prisen «skal bidra til å heve matematikkfagets status i samfunnet og stimulere barn og unge til å bli interessert i matematikk».

Den første kvinna

– Abelprisen inneber eit stort ansvar. Eg er den første kvinna som får prisen, og mange forventar at eg skal vera ein rollemodell, og eg tenkjer mykje på det. No prøver eg å finna ut korleis eg kan bruka prispengane på best mogeleg måte.

Karen Uhlenbeck føreles i Nash-auditoriet, VilVIte

Uhlenbeck føreles i Nash-auditoriet, oppkalla etter den avdøde matematikaren John Nash, som vann Abel-prisen i 2015.

Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB

Prispengane er på seks millionar kroner, og til forskning.no har Uhlenbeck sagt at ho donerer halvparten til to organisasjonare som representerer minoritets-matematikarar.

– Eg gjer dette for alle som sto på utsida, og som såg inn på verda av matematikk. Som ville vera med, men som tenkte at det ikkje ville vera mogeleg. Og det er fryktelig mange som har vore i den situasjonen, seier Uhlenbeck til forskning.no.

Karen Uhlenbeck, Abelprisvinnar i Bergen
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Utforska med elevar

Den amerikanske matematikaren har hatt travle dagar i Oslo og Bergen i samband med prisutdelinga. I Botanisk Hage fekk ho utforska Arkimedes’ labyrint og løysa vitskaplege oppgåver i hagen, saman med elevane. Det var tydeleg at Uhlenbeck sette pris på den vitskaplege utforskinga saman med vitelystne elevar.

Korleis var det å utforska hagen med elevane?

– No tok dei vekk ungane, og gav meg ein journalist i staden! Svaret er at dei var meir morosame å vera med enn han som stilte meg spørsmål, ler Abelprisvinnaren.

Karen Uhlenbeck, Abelprisvinnar i Bergen
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Labyrint
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB