Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

På framsida av Science med romforsking frå UiB

Science er eitt av dei mest anerkjente vitskaplege tidsskrifta i verda. I januar er framsida via ny forsking frå UiB, med data henta frå Den internasjonale romstasjonen.

Gammastråler, illustrasjon
Foto/ill.:
Birkelandsenteret, UiB

Hovedinnhold

I april 2018 vart teknologi utvikla og bygd på Birkelandsenteret for romforskning (BCSS) skote ut i rommet frå Cape Canaveral ved NASA Kennedy Space Center i Florida.

Avanserte måleinstrument vart plasserte på Den internasjonale romstasjonen gjennom forskingsprosjektet ASIM (Atmosphere Space Interaction Monitor), i regi av Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). 

Instrumentet Birkelandsenteret har vore med å utvikla er det første og einaste i sitt slag, og flyg i bane rundt jordkloden for å måla gammaglimt som vert produsert i lyn.

– Vi forventar spanande ting framover, sa professor Nikolai Østgaard i 2018. Han leier Birkelandsenteret for romforskning (BCSS).

No er nye forskingsresultat klare og publiserte i det vitskaplege tidsskriftet Science. Data frå romstasjonen fortel oss meir om kva som skjer i den høgare atmosfæren når det lynar og tordnar

Det er ein intens konkurranse mellom forskarar å verta publiserte i tidsskriftet, og endå vanskelegare å få framsida. Over 30 000 artiklar vert sendt inn og vurderte kvart år, og rundt 2700 vert publiserte. 

– I dag har vi lukkast i nå heilt til toppen mellom alle håpefulle forskarar i verda. Det er ei stor ære og ei internasjonal anerkjenning av heile ASIM-teamet, Birkelandsenteret og det internasjonale forskingsfeltet, skriv Birkelandsenteret på sine sider.