Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet | Forskning

UiB-forskarar får millionstøtte frå Kreftforeininga

UiB-forskarane Hans Petter Eikesdal og Stian Knappskog får til saman nærare 16 millionar kroner i midler frå fjorårets Rosa sløyfe-aksjon. Pengane vil mellom anna gå til betre genanalysar for å avgjere kva slags pasientar som treng cellegiftbehandling.

Penger fra Rosa sløyfe-aksjon til kreftforskere
FÅR PENGESTØTTE: Stian Knappskog og Hans Petter Eikesdal saman med Andreas Bjørnstad i Kreftforeininga og Ellen Harris Utne fra Brystkreftforeininga.
Foto/ill.:
Steffen Aaland

Hovedinnhold

Kreftforeininga deler i år ut til saman ut 177 millioner kroner til 25 ulike forskingsprosjekt i samarbeid med Brystkreftforeininga. Midlane kjem mellom anna frå fjorårets Rosa sløyfe-aksjon, der temaet var persontilpassa brystkreftbehandling. 

UiB-forskar Hans Petter Eikesdal forskar på brystkreft og får tildelt nærare 8 millioner kroner til prosjektet «Persontilpassa behandling basert på genanalysar av hormonfølsom brystkreft».  

Prosjektet har som mål å redusere bruken av cellegift i dei tilfella der dette er mogleg. 

– I dag får ein stor del av brystkreftpasientane med store svulstar cellegift entan før eller etter operasjon for å bli friske. Samtidig slit mange pasientar med seinskadar etter cellegiftbehandling. Det er derfor eit klart behov for å redusere cellegiftbruken dersom det er mogleg, seier Eikesdal. 

Vil unngå unødig bruk 

Forskinga har til no vist at mange av pasientane som har hormonfølsom brystkreft, har svært god effekt av hormonblokkerande behandlig. Det kan derfor vere dei ikkje treng cellegift for å skrumpe kreftsvulsten før operasjon. 

– Med desse pengane vil vi gjere avanserte genanalyser for å i enda større grad peike ut kva slags pasientar som treng cellegift, og kven som ikkje treng det. For den enkelte vil det bety mindre bivirkningar og mindre plager med seinskadar i etterkant av behandlinga, fortel Eikesdal. 

Stian Knappskog får óg nærare 8 millionar til prosjektet «Immunrelaterte mekanismer ved anti-HER2-behandling».

Dette prosjektet forskar på ei undergruppe av pasientar som er HER2-positive. I dag består desse av om lag 25 prosent av brystkreftpasientane. 

– Dei siste 15 åra har desse pasientane fått anti-HER2-behandling som har gitt dei mykje betre prognose. Men det er framleis ein del pasientar som ikkje har effekt av behandlinga, seier Knappskog. 

Ser på genmaterialet 

Forskarane trur forklaringa er at immunforsvaret til pasienten spelar ein rolle saman med spesielle genendringar i kreftcellene. 

– Vi vil kartlegge heile genmaterialet i både friske celler og kreftceller til pasientane, for å finne ut kvifor nokre har så god effekt av behandlinga, medan andre har mindre god effekt, fortel Knappskog. 

Han legg til at pengane frå Kreftforeininga er avgjerande for å kome i gang med desse analysane. 

–  Vi håpar det vil kunne endre vår forståing av anti-HER2-behandling og bidra til å forbetre persontilpassa behandling i framtida.